Raudlista: Kviteseid Husflidslag er med på raudlistedugnaden og har vald holbeinsaum som sin raudlisteteknikk. Me har sett spesielt på bruken av holbeinsaum på gamle tekstilar i Vest-Telemark.

Kviteseid Husflidslag sitt val av raudlistearbeid har utgangspunkt i broderiutstillinga «Tre generasjonar – broderi gjennom 100 år» eit samarbeid mellom Hanne Roholdt og Kviteseid husflidslag i 2021.
Utstillinga omfatta ca120 interiørtekstilar og bruk av 25 ulike broderisting. Eitt av objekta i utstillinga var ein rekonstruksjon av ein kistekross brukt i Vest-Telemark på 1700-talet, dekorert med holbeinsaum. Me blei inspirert til å sjå på kva som finns bevart av gamle, broderte tekstilar frå Vest-Telemark, og fann at holbeinsaumen gjekk mykje att.

Holbeinsaumen blir lite brukt i Vest-Telemark i dag, og med raudlisteprosjektet ynskjer me å inspirere til å ta opp att bruken, på til dømes skjorteliner.

Detalj av den rekonstruerte kistekrossen. KVB.1096 Foto: VTM

Holbeinsaum
blir også kalla doble forsting, firsaum, krunesaum, melmåksaum, rendesaum, rutesaum, silkesaum.

Holbeinsaum er ein teljesaum sett saman av doble forsting, sydd med nål og broderitråd i ein eller to kontrastfargar på eit liketråda teljestoff (lik tettleik i renning og innslag). Ein kan sjølvsagt brodere holbeinsaum også på eit meir tettvevd stoff, men dette er meir krevjande.

Framgangsmåte

Sy jamne forsting langs ei mønsterlinje, over og under til dømes to trådar. Sy så tilbake og fyll mellomromma med forsting under og over to trådar, slik at det dannar ei heil linje.

Foto: Kviteseid Husflidslag.

Saumen dannar ei ubroten linje, og skal sjå lik ut på retta og vranga. Han eignar seg derfor spesielt godt på tekstilar der begge sidene av tekstilen er synleg eller som gjennomlysast, som til dømes gardiner, tørkle, lampeskjerm og vide ermeliner. Skal ein sy mønster med to fargar, syr ein helst dei loddrette stinga i ein farge og dei horisontale i ein annan.

Klikk her for litt generell historikk om holbeinsaumen

Holbeinsaum i Vest-Telemark 1700- og 1800-talet

Dei eldste bevarte, broderte, tekstilane me har funne i Vest-Telemark er frå 1700-talet. Dei er ofte brodert med ull på lin. Mange av dei er dekorert med holbeinsaum saman med annan teljesaum som korssting, smøyg og austmannarenning. Holbeinsaumen er einsfarga eller tofarga. Ofte finn ein raud og blå, raud og grøn eller raud og gul saum på ljost linstoff, dei horisontale stinga i ein farge og dei loddrette i ein annan. Mønstera er ofte geometriske og stilistiske, og teljesaumen passar godt til dette.

Handkle

Blandt dei eldste holbeinbroderte tekstilane i Vest-Telemark er handkledet. Det er ikkje eit handkle slik me tenker på det i dag men, eit rektangulært linstoff tradisjonelt brukt ved høgtider og seremoniar.
Handkleet hadde fleire bruksområde. Det kunne brukast på hatten til brudgomen, eitt på kvar side av brureforkleet som belteklutar, på grautspann til barsel og som pynt i jolehøgtida. Ved gravferd vart to handkle lagt i kross på kista (kistekross/likkross) ofte med eit teppe i enkel skilbragd under.
Telemark museum har to handkle/kisteklede frå 1700-talet som har registrert tilknyting Brunkeberg i Kviteseid. Brukt saman som ein kross.

Handkle/kistekross frå Brunkeberg, del A. Foto: Telemark museum. TGM-SM.2896a

Handkle/kistekross frå Brunkeberg, del B. Foto: Telemark museum. TGM-SM.2896B

Folkeminnesamlaren Rikard Berge skriv «Handklæ bruka dei aa leggji yvi likkistune i kross Og til jol so hengde dei h. (handklea) med flette nedi enden paa kvar side av glase til fint» (BERGE, Notatbok 162, s72f) Fletta nedi enden var nok mest sannsynleg ei firflette eller telemarksbinding.

Kistekrossen frå Kviteseid bygdetun

Vest-Telemark museum har ein kistekross frå 1760-talet registrert på Kviteseid bygdetun. Den originale kistekrossen var tidlegare i privat eige i Flatdal, kom med åra til Kviteseid og vart etter kvart gjeven til Kviteseid bygdetun. Han er sett saman av to broderte tekstilar som er sydde i hop til ein kross. I 2007 starta Gunnvor Mandt og Hanne Roholdt prosjektet med å lage ein rekonstruksjon av denne gamle kistekrossen.

Detalj av den originale kistekrossen frå 1700-talet. KVB.0175. Foto: Kviteseid Husflidslag.

Gunvor har vove stoffet i kistekrossen. Det er ein avart av kypert i fint eintråds lingarn (20/1) voven på 12 skaft. Hanne har brodert dekoren med handspunne, plantefarga brodergarn av spelsau i raudt, blått, gult og grønt. Mønsteret er holbeinsaum, medan bokstavar og tal er brodert med kjedesting.
Rekonstruksjonen av kistekrossen var eit stort arbeid som Gunnvor og Hanne gjorde på privat initiativ. Kypertstoffet var svært tidkrevjande å veve. Mønsteret på den gamle tekstilen måtte tydast og rekonstruerast, og holbeinsaumen var vanskeleg å brodere på ei slik binding. Kypert er ikkje eit teljestoff, og linjal og augemål var einaste hjelpemidla for å få stinga på rett plass. Kistekrossen vart ferdig i 2013 og gjeven til Vest-Telemark museum, han er nå i samlinga deira i Eidsborg.

Originalen KVB.0175

Rekonstruksjonen KVB.1096. Begge foto: VTM

Andre tekstilar frå same tidsepoke

Holbeinsaumen vart også brukt på korgklede, høgsetedukar, bringeklut/turkaklut til brudgomen, skjorteliner, hovudplagg til dåpsbarn, brur og gifte kvinner.

Rekonstruksjon av gamalt korgklede/sendingsklede, brodert av Hanne Roholdt. Foto: Kviteseid Husflidslag.

Korgklede/sendingsklede i bruk på sendingskorg. Foto: Kviteseid Husflidslag.

Mønsteret på dei seremonielle tekstilane inneheldt mykje symbolikk. Symbolikken hadde ein stor plass i livet til folk på denne tida, og vart sett på som heilt avgjerande for at ting skulle gå godt. Symbola skulle verne mot vonde makter, sikre god grøde og fruktbarheit. Dette var staselege tekstilar som tydeleg vart satt stor pris på og bruka ved høgtider til pynt og vern. Holbeinsaumen passa spesielt godt til utforming av valknutar, sikk-sakkbordar og andre symbol der den ubrotne linja var viktig. Vil de lese meir om symbolikkbruk i folkekunsten kan me anbefale boka «De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk» av Mikkel B. Tin. Der er også mange gode eksempel på gamle tekstilar med holbeinsaum frå Noreg og Aust-Europa.

Mikkel Tin skriv: «I Telemark er de Holbein-sømmede siksakbordene blitt svært vanlige, og har også fått et eget navn, kronesaum. Kronesaumen er tydligvis blitt opplevet som velegnet til nettopp de seremonielle tekstilene, og da kanskje fordi den fulgte samme prinsipp som den eldre smøygteknikken og de litt yngre korsstingene: Som tellesøm gir disse stingtypene ikke noe rom, eller i høyden bare begrenset rom, for personlig utfoldelse.»


Turkaklut frå Kviteseid/Tuddal. 1700-talet. KVB.1101 Foto: Kviteseid Husflidslag.

Vrangsida av turkakluten. Her ser ein at mønsteret er likt på retta og vranga.

Turkakluten blei bruka av menn/brudgom, festa i halsringen på skjorta «I en Sølvring i Brystet henger en liden Klud, kaldet TURKA-KLUT, utsyet med adskillige smagløse Figurer».

Hylk (hovudklede til dåpsbarn) frå Vest-Telemark museum. LB.01648 Foto: Kviteseid Husflidslag. På vranga ser ein at det ikkje er brukt holbeinsting, men på retta gjev saumen same uttrykk.

Utover 1800-talet blei motebiletet endra av nye impulsar frå omverda. Målet var nå å etterlikne kostbare, brosjerte kjøpetøy som brokade og damask, og plattsaum (rosesaum) tok meir og meir over. Impulsane påverka også tankesettet, dei stilistiske vernesymbola blei mindre viktige og holbeinsaumen mindre brukt. Rosesaumen fekk etter kvart eit godt fotfeste i Vest-Telemark, og er karakteristisk for bunadstradisjonen i dag.

Ut frå kva som finns av holbeinbroderte tekstilar i Digitalt museum og musea i Telemark kan det sjå ut som bruken av holbeinsaum har vore meir utbreidd i Aust-Telemark enn i Vest-Telemark. Eller kan det også vere at fleire tekstilar frå Aust-Telemark blei kjøpt opp og tekne betre vare på? Dette har me ikkje funne noko godt svar på.

I leitinga etter gamle tekstilar frå Vest-Telemark har me hatt god hjelp frå Telemark museum og Vest-Telemark museum, og me brukt Digitaltmuseum.no aktivt.

Her er ei liste over det me fann av holbeinsaum frå Vest-Telemark på www.digitaltmuseum.no

Holbeinsaum i Vest-Telemark på 1900-talet

Bunadskjorte frå Øyfjell, tidleg 1900-talet ØYB.0836 Foto: Kviteseid Husflidslag.

Bluse frå tidleg 1900-talet. Privat eige. Foto: Kviteseid Husflidslag.

Holbeinsaum er lite brukt i bunadstradisjonen i Vest-Telemark i dag, men me har funne nokre døme på holbeinsaum på skjorteliner.


Bunadskjorte frå 1980-talet i bruk i dag, privat eige. Foto: Kviteseid husflidslag.


Skjorteline til herrebunad 1980-talet, privat eige. Foto: Kviteseid husflidslag

Litt om holbeinsaum på interiørtekstilar på 1900-talet.

Holbeinsaum frå Vest-Telemark i litteraturen

I bøkene av Aagot Noss Lad og krone – frå jente til brur og Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark er hatteklede/kasteklede og kistekross med holbeinsaum omtalt og avbilda. Med referansar til Rikard Berge sine notat og Wille: Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre Tellemarken i Norge.

I Telemarksbunader : Nedervde kledeskikkar for menn og kvinner (Telemark husflidssentral, 1955) skriv Øystein Vesaas om både farga og kvit holbeinsaum.

I Magnhild Gaastjønn si bok Bunaden i Vest-Telemark gjennom 200 år er det bilete av skjorteliner med holbeinsaum frå tidleg 1800-talet (s.21) og frå i dag (s.68, 69)

I Aanund Olsnes: Kviteseid bygdesoge; b III er det også fortald om bruken av handkleet, som belteklut til brudestakken (s.431) og som kistekross (s.461)

Sjå heile dokumentasjonen til Kviteseid Husflidslag her: Holbeinsaum i Vest-Telemark

Kontaktinformasjon: Kviteseid Husflidslag

Om Rødlista: Rødlista er en landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i håndverkskunnskap som står i fare for å bli glemt. Husflidslagene velger selv teknikkene de vil arbeide med.