Nettbutikk
Min side
Du er logget inn som
husflid.no
1. apr 2022|
Tekst: Magnhild Runde, Husflidskonsulent i Sogn og Fjordane|
Siste nytt|Ung Husflid|
Tre jenter frå Sunnfjord har i det siste jobba med å få på plass eit redesignkurs for ungdom i alderen 14-20 år. Materialet er dongeribukser og målet er å kunne bruke så mykje som mogleg av buksene, for å ha mist mogleg restar att.
Vilde, Nikoline og Engel har sjølve designa nye produkt, sydd opp prøvemodellar og er no i gang med å lage oppskrifter. Ungdomane har regien for det meste, også å ta produktbilete til plakatar og promotering.
Kurset, som skal vere i Naustdal 9. april, er eit prøvekurs for workshopen dei skal ha på ungdomsleiren i Skjern i Danmark. Les meir om leiren her.
Til butikken
Din handlekurv er tom.