Du er logget inn som

 

Sommaraktivitet på Vest-Telemark Museum og Telemarkstunet

Tilbake

Vis fram handverksaktiviteten du driv med?

Du er velkommen på Vest-Telemark Museum og/eller Telemarkstunet sommaren 2022 !

main image

Vest-Telemark Museum

Til husflidslag, spikkekarar, vevkjeringar, smedar og andre nevenyttige
Handverk sommaren 2022
Museet ynskjer å halde fram med aktivitetar eit par dagar i veka også neste sommar. Allereie på
nyåret vil me utforme eit framlegg til fordeling av dagar. Me sender dette ut alt no, slik at dei laga
som vil handsame dette på årsmøtet har høve til det.
For å nå ut til så mange av våre gjester som mogleg ynskjer museet å få publisera desse
aktivitetane i sosiale media og nettsider i god tid. Difor treng me tilbakemelding frå dykk om
kven som vil vera med og kva type handverk de viser fram. Dersom de har ein liten tekst om
handverket de vil vise fram hadde me sett stor pris på det.
Praktiske opplysningar
Handverkarane/laga har fritt høve til å marknadsføre sin aktivitet og produkt, og selje desse
under demonstrasjonen. Me oppmodar alle å legge til rette for at publikum, særskild borna, får
prøve ut reiskap og skape noko med hendane.
Alle som gjer ein innsats får eit årskort som gjev fri inngang på alle musea våre og halv pris på
arrangement i regi av museet.

Ta kontakt med Mari Rorgemoen, innan 20. mars.

Telemarkstunet.

Telemarkstunet blir ope frå 2. juli til 7. august.

Det er plass både ute og inne. Veving, spikking, smiing, dekorativ måling eller andre handverksaktivitetar. Her kan du selje dine produkt.

Ta kontakt med Ann Mari Jore,

 

0