Dette er eit samandrag av ei registrering av over 1500 tekstilar frå heile Møre og Romsdal. Registreringane tok utgangspunkt i tekstilar folk i området sov under i tidlegare tider. Desse overbreislene fekk namnet seng i Romsdal og Sunnmøre og kunne vere rikt dekorerte med innsmetta symbol og ikat-farga innslag. Lenger nord finn vi nordmørsåklea vevd i krokbragd på tre eller fire skaft.

Oppreidd brureseng.

Bakgrunnen for prosjektet

Mange som vaks opp sør og i midten av Møre og Romsdal etter krigen, var omgitt av nokre farge­rike tekstilar med ulik bruksfunksjon som vart kalla senger. I mange heimar var dei ein del av interiøret, anten som veggtekstil, divanteppe, som teppe i stolar eller som dynetrekk som var den opphavlege bruksfunksjonen. Tekstilane var særs fargerike, og dei kunne minne om tekstilar frå andre verdsdelar.

På 90-talet ynskte Møre og Romsdal Husflidslag og Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal å starte opp med registrering av desse unike tekstilane, og tok kontakt med Synnøve Erdal i Ålesund. Ho hadde i ei årrekkje jobba med tradisjonelle tekstilar, som var ein del av kulturarven hennar.

Ein såg fort at det var ulike tradisjonar innan senge­tekstilar frå same tidsperiode i fylket, med senger i sør og fellåkle i nord. For at prosjektet skulle dekke heile fylket, vart det utvida til også å gjelde sengetekstilane nord i Møre og Romsdal. Prosjektet fekk namnet Senger og fellåkle.
I løpet av registreringsåra 1996 – 1998 vart om lag 700 tekstilar registrert, og hovudtyngda av dei var heimehøyrande sør i fylket. I tillegg til eiga registrering fekk ein tilgang til registreringa som Solbakkens venner og Turid Røsvik på Vigra hadde gjennomført med omlag 215 tekstilar frå Giske kommune, og registreringa som Sunndal Husflids­lag hadde gjennomført med knapt 600 tekstilar i Sunndal kommune.

Resultatet av registreringane vart ein rapport med analyse av tekstilane, prosjektrapport, utstilling, kalender og oppskriftsperm.

Registreringsmateriellet vart ståande på eit kontor, og etter nokre år hadde det delvis gått i gløymeboka. Dette ynskte Møre og Romsdal Husflidslag og Husflidskonsulenten å gjere noko med og har valt å publisere eit utval av registreringa, oppskrifter og kunnskap om desse regionale tradisjonane i dette samandraget.

Senger - skildring og historikk

Ei seng er ein tekstil som ligg nær opp til det vi i dag kallar eit dynetrekk.

Ordet seng
Mange stussar over ordet seng i denne saman­hengen, men slår ein opp i Nynorskordboka på ordet seng, finn ein denne andre forklåring på ordet: dyne; over- eller underbreidsle.

Frå Møre og Romsdal har desse tekstilane ulike nemningar, som delvis skildrar ulike typer senger, mellom anna sengavev, overseng, underseng, bolstervevnad, overbreidsle og brureseng etter bruken, og regnbogeseng og randaseng etter mønsteret.

Skildring av tekstilane
Framsida/oppsida på senga var gjerne rikt dekorert med mønsterbordar og striper i ulike fargar og breidder. Baksida på senga hadde gjerne enkel stripedekor, eller ho kunne vere einsfarga.

Sengene var vanlegvis vevd i ein flatvev i enkel breidde og hadde ein saum langsetter på midten. Halve framsida og halve baksida var oftast vevd i eitt stykke og senga var sydd som ein pose med opning i eine kortenden. Det var vanleg at flatvevane ikkje var breie nok til at ein kunne veve full breidde på tekstilen. Difor vart sengene sydd saman. For at stripene skulle stemme i saumen, kan ein nokon gonger sjå at den eine halvdelen har blitt strekt litt i høve til den andre halvdelen. Dei fleste sengene var ein del kortare enn standardmåla på dynetrekka i dag. Sengene var gjerne omlag 1,50 –1,60 m i lengda og breidda var omlag 1,60 -1,70m, når dei var samansydde. I fleire senger kan ein sjå at ein ikkje alltid var så nøye med symmetri i bordar, mønster og fargar. Mellom anna står ikkje plukkarosene bestandig rett over kvarandre, men litt til sides, noko som kan opplevast skeivt og uryddig. Og gjekk ein tom for ei farge, vov ein berre vidare med ein nærliggande farge.

Det finnes også senger som har blokktrykkmønster. Desse tekstilane var som regel heimevevde anten med korskypert eller lerretsbinding. Tekstilane vart sende inn til profesjonelle fargarar som først farga tøyet før det vart trykt blokktrykkmønster på dei. Hovudtyngda av desse tekstilane har raud botnfarge med svart mønster, og det finst også tekstilar som har botnfarge som grøn, brun, oransje, rosa eller blå, alle med svart trykk.

Garnet
Renninga var helst tynt bomullsgarn, og innslaget var som regel heimespunne, tynt, eintråds ullgarn. I fleire av sengene kan også ein sjå at dei brukte kjøpegarnet Zefyr som ikkje var så slitesterkt, og difor ser ein ofte at garnet og mønsteret på gamle senger er slite bort der det er / har vore lange floteringar.

Vevbindinga
Vevbindinga i botnveven var oftast korskypert med innslagseffekt noko som gir ein tett og kompakt vevnad med ulik over- og underside. Tekstilane vart vevd i en flatvevstol, anten med rettsida eller vrangsida opp.

I nokre senger er det også brukt sjonbragdbinding med lerret i botnveven.

Fargar
Innslagsgarnet farga dei som regel sjølve. Ei og anna seng kan ha innslag av plantefargar, men det var mest vanleg å kjøpe og bruke fargepulver då desse kom i handelen utover 1870-80 åra. Desse pulverfargane vart kalla Pakkefargar, Kjøpefargar, Hvedingfargar eller Anelinfargar, og med dei vart det enklare å farge garnet enn med plantefarging. Ikkje alle var like glade i desse fargane. Johan Bøgh, direktør ved Vestlandske Kunstindu­strimuseum var oppteken av «den særlige norske stilen» og sa dette om kjøpefargar: «Jeg møtte paa disse Reiser rene Gyseligheter af vævede Tæpper, viss Farger og deres Sammensætning fremkaldte rene Søsygefornemmelser.» (Husflid, levende tradisjon). Det er ikkje sikkert han sikta til sengene, men fargane hadde ein noko anna let, var skarpare og gav ein annan glød enn plantefargane.

Dei dominerande fargane i sengene er gjerne ubleika kvit og raud, med grøn, lilla, oransje, rosa, grå, sauebrun og turkis som kontrast og tilleggsfargar. Heller sjeldan kan ein sjå at hovudfargen i tekstilen er blå, grøn, gul eller rosa, men slike senger finst også.

Tidsrom
Glanstida for sengene kan ein datere til tidsrommet frå 1870-80 til 1920-30. Utover i fyrste halvdel av 1900-talet vart det meir vanleg med fjørdyner og dynetrekk av bomull som avløyste desse tek­stilane.

Historikk
Dei som vov vart nok inspirerte av tekstilane til kvarandre både i fargar og mønster. Det blir fortalt at mange laga seg vikleprøver (garn i ulike fargar surra på eit pappstykke) etter ei fin seng som dei likte. Vikleprøva brukte dei som inspirasjon og utgangspunkt for sin eigen tekstil som dei sette sitt eige preg på. Av alle sengene som vart registrerte i Møre og Romsdal, er det ingen som er heilt like.

Inni senga vart det lagt ei «plate», ullplate eller shoddyplate som fungerte som sjølve dyna.

Mange eldre på Nordvestland fortel at dei minnast at dei i barndommen sov under «nokre fargerike, men tunge dyner». I Tresfjord kunne dei seie: «Smett opp på kvisten, legg deg i rommet og dra over deg senga» (kvisten = namnet på rommet på loftet, rommet = her; senga, senga = dyna).

Dei mest dekorerte sengene var gjerne kalla bruresenger. Dei var fyrste gong brukt i bruresenga saman med broderte overlaken. Seinare vart desse «finsengene» berre brukt når det var noko ekstra, som gjestebod og i samband med ulike jubileum og høgtider.

Det var vanleg at ugifte jenter vov seg 2-3 senger som dei tok med seg som «heimafylgje» når dei gifta seg og flytta heimanfrå. Dei måtte ha det dei trong for ein komande familie, det var meir uvanleg å veve senger etter at ein hadde stifta familie. Jentene kunne også veve til brørne sine.

Ein av informantane minnes at det var senger på alle gardane før; «Det var ein stabel, ca 1 meter høg med mange fargerike senger som låg oppå kvarandre. Alle hadde slike senger, og ein 6-7 stykker på kvar gard var ikkje uvanleg.»

Det finst også nokre skjørt/underskjørt som mest sannsynleg er vevd på same renninga som sengene. Desse skjørta har same mønster, fargar og uttrykk som sengene.

Også puter finst, Høyend, som er store, godt stappa puter som vart brukt, gjerne under hovudputa. Dei kunne vere omlag 70 x 50 cm med same vevbreidda som i sengene. Stripedekoren var gjerne enklare, med smalare striper. Mest sannsynleg vart desse vevd på enden av renninga og med restar frå sengavevnaden.

Utbreiing
Det er sør i Møre og Romsdal ein finn hovud­tyngda av desse sengene. Mengda av, og den rike dekoren på sengene, minkar jo lenger nord i fylket ein kjem. Nord i fylket kan ein finne dei att som bolster, ein tettvevd sengetekstil, anten einsfarga eller med enkle striper som vanlegvis vart brukt til å ligge på og ikkje under. Omgrepa bolster og seng går gjerne om kvarandre. Difor kan det vere vanskeleg å vite om ein tekstil med enkel stripedekor har blitt brukt som dynetrekk eller som bolster til å ligge på.

I dag
I dag (2021) kan ein framleis sjå heile senger eller deler av dei i fleire heimar. Desse fargerike tekstilane har blitt tatt vare på og delt vidare til arvingar som gjerne eig ei heil, ei halv eller ei kvart seng.

Men no har dei gjerne fått ein annan bruksfunk­sjon. Dei kan fungere som divanteppe, stolteppe eller henge som eit åkle på veggen. Overraskinga blir stor når ein fortel eigarane at dei har hengt opp eit heilt eller deler av eit dynetrekk på veggen.

Mange av desse tekstilane har gjennom åra falma litt, men ved å sjå på innsida av dei og å pirke litt i innslagsgarnet, kan ein sjå at dei tidlegare gjerne har hatt ein mykje sterkare glød enn i dag.

Tradisjonen med senger ser ut til å ha vore sterk sør i Møre og Romsdal i ein visst tidsperiode, og det er sengene med mest variasjon i mønster og fargar, som i stor grad har blitt tatt vare på. Desse «finsengene» vart truleg lite brukt i motsetnad til dei enklare kvardagssengene som vart slitt ut.

Vevbinding og mønster i sengene

Vevbindinga i dei aller fleste sengene er korskypert / uekte sateng med innslagseffekt. Fleire meiner det er enklare å veve med vrangsida opp når ein skal feste trådane i mønster som smetta roser.

Dei mest vanlege dekorteknikkane var desse:

Render og striper
Render og striper kan ha ulike tal innslagstrådar. Stripene kunne vere smale eller breie, og det var gjerne rapportar som vart gjentekne fleire gonger. Det kunne vere ei eller fleire fargar i rapportane.

Regnboge
Regnboge er ei spesiell fargesamansetning som kjem fram ved å auke og minke på tal innslagstrådar i bestemte fargar. Bruken av fargar kan minne om ein regnboge.

Tvinna tråd
Tvinna tråd eller snara tråd er to eller fleire trådar i to ulike fargar som vert tvinna saman til ein og lagt inn i same vevskilje. Det kan vere eitt eller fleire innslag etter kvarandre av denne doble tråden. Ingen botninnslag mellom mønsterinnslaga.

Strypegarn
Strypegarn eller flammagarn er det regionale namnet på ikatfarga garn.

Farging av strypegarn: I dei tradisjonelle sengene er det stor variasjon i kor mykje av ei hespe som er farga / ikkje farga. Dersom ein har ei hespe med ein omkrins på omlag 145 cm, kan det passe med 8 felt med «ufarga tråd». Ein klipper då til 8 rektangel (9 x 5 cm store) av kontaktpapir som ein surrar stramt rundt parti av hespa (med 9 cm mellomrom). Deretter knyter ein tett og stramt ein kraftig tråd rundt kontaktpapiret. Under farginga av garnet vil fargen ikkje trekke inn i desse felta. Ynskjer ein to eller fleire fargar på hespa, kan prosessen bli gjentatt fleire gonger, eller ein kan farge på ferdig farga garn.

Tråden er gjennomgåande over heile vevebreidda, og ein vev fleire innslag etter kvarandre avhengig av kor høg ein ynskjer borden. Det var vanleg å forskyve litt på innslagstråden slik at mønsteret vart liknande lynildbordar. For å få eit fint mønster på rettsida kan ein justere trådane slik at litt av den ligg med ei lita løkke på baksida.

Tvistabord
Ein plukkar mønsteret i parti over heile vevebreidda og mønsteret viser seg som ei rekke med små «sukkerbitar». Det er to botninnslag mellom kvart mønsterinnslag. Tvistabord er det regionale namnet på denne borden.

Veving av tvistabord: For å få ein rapport kan ein plukke opp til dømes 6 renningstrådar på ein plukkepinne og hoppe over dei neste 6 rennings­trådane. Rapporten vert gjentatt over heile vevebreidda. For å få symmetri i sidene må talet på trådar i kvart parti og talet på rapportar tilpassast.

Ein plukka partia bak hovlane, og oppbevarte dei på ein litt brei plukkepinne eller på halvhovlar. Mønsterinnslaget får ein ved å setje plukkepinnen på høgkant, føre skillet fram og skytle gjennom heile vevebreidda. Nokre gonger må ein hjelpe til med ein ekstra plukkepinne framme i veveskillet. Kjeppskill er det lokale namnet på denne måten å veve på.

Talet på mønsterinnslag er avhengig kor «høg» ein ynskjer borden, men symmetri er mykje brukt i dei tradisjonelle sengene.

Ynskjer ein å skifte mellom to mønsterskille, må ein plukke opp det andre mønsterskillet.

Og for å få variasjonar i mønsteret, kan eit parti bestå av «sukkerbitar» som har ulikt tal trådar i seg, og ein kan hoppe over plukka parti i eit system. Dette gir stor variasjon i mønsterutforminga.

Smetta roser
Smetta dekor spreidd ut over tekstilen og plukka opp med spile eller plukkepinne. To botninnslag mellom kvart mønsterinnslag.

Smetting med botninnslag mellom, vert også kalla halvsmett, til skilnad for åklesmett der ein smetter trådane i parti over heile breidda.

Desse rosene vert også plukka i parti på ein plukke­pinne eller med fingrane. Mønsterinnslaget i rosene er ikkje gjennomgåande over heile vevebreidda. Talet på trådar i kvart parti er avhengig av utsjånaden på rosa, vevebreidda og talet på roser i vevebreidda. Talet på innslag i kvart parti, er avhengig av talet på renningstrådar i kvart parti. Det mest vanlege er at partia har ein tilnærma kvadratisk utsjånad.
Garnet i mønsteret kan gjerne vere tjukkare eller leggast dobbelt, avhengig av tjukkleiken på garnet.

Det ser ut for at dei som vov tradisjonelle senger, har forlysta seg med å setje saman ulike fargar, mønsterbordar og striper mellom dei einsfarga felta. Ein kan ikkje finne to senger som er heilt like, veverska sette nok si ære i å setje sitt eige preg på tekstilen.

Nordmørsåkle - skildring og historikk

Eit nordmørsåkle er ein tekstil i krokbragdteknikk som tradisjonelt vart lagt oppå ein skinnfell og brukt som overbreidsle. Mange kallar desse tekstilane også for tjukkåkle for å skilje dei frå tynn­åkle, som helst er tekstilar i skilbragdteknikk, tavle­bragd eller liknande som gir ein forhaldsvis tynn tekstil.

Nordmørsåkle i tradisjonell bruk.

Skildring av tekstilane
Nordmørsåkle er alltid vevd i krokbragdteknikk, enkel eller dobbel, 3 eller 4 skaft med eintrådsgarn.

Tekstilen er rik på fargar og nyansar og har helst mønster over heile tekstilen. Det er sjeldan med einsfarga flater, og fleire av dei eldste tekstilane har ingen repetisjon i mønsterbordane. Dersom tekstilen har mønsterrapportar som vert gjentekne, har bordane gjerne fått nye fargar.

Tekstilen var vevd i flatvevstolen i enkel breidde og sydd saman på midten. Tekstilen var og sydd punktvis fast i skinnfellen. Storleiken på nordmørsåklea var avhengig av storleiken på skinnfellen, men ein tekstil med måla 120 –130 cm i breidde og 200 – 210 cm i lengde, var ganske vanleg.

Garnet
Renninga er anten bomullsgarn eller lingarn. Ein kjenner til at det har blitt dyrka lin fleire stader nord i fylket, så det er nærliggjande å tru at dei eldste tekstilane hadde heimeavla lingarn i renninga.

Då bomullsgarn vart lett tilgjengeleg i siste halv­del av 1800-talet, vart det meir vanleg å kjøpe bomullsgarn til renning.

Innslagsgarnet er alltid eintråda ullgarn noko som gir ein forhaldsvis tynn tekstil som er godt eigna til å ligge på ein skinnfell. Det er sannsynleg at dei eldste tekstilane hadde heimespunne innslagsgarn, men etter kvart som økonomien betra seg blant folk, vart det vanleg å kjøpe eintråda ullgarn.

Vevbinding
Dei eldste tekstilane er vevd med tre skaft, noko som gir ein tynnare tekstil enn fire skaft som vart meir vanleg seinare. Hovlinga er spisshovling. Tradisjonelt var tekstilane vevd i dobbel krokbragd, men tekstilar med enkel krokbragd vert også omtala som nordmørsåkle.

Eit nordmørsåkle bestod av fleire bordar, det var hovudbordar og mellombordar om kvarandre. Ein hovudbord var større, meir fargerik og hadde mange detaljar og eit rikt mønster. Ein mellom­bord var mindre og enklare. Snarbord eller snarmønsteret kalla dei bordane som bestod av to fargar og var raskast å veve.

Fargar
Plantefargar er mykje brukt i Nordmørsåkla noko som gir ein harmonisk utsjånad på tekstilen.

Plantar som har blitt brukt til farging var gjerne hestehovblad, marikåpe, kjerringrokk, stor maure­rot, bork av rogn, hegg eller or. Til nokre av desse fargane, vart det brukt ulike mengder med jernvitriol noko som gav fleire nyansar av same farge. Til raudt var det brukt krapp og maurerot og til blått kypefarge/urin eller vaid.
Botnfargen var gjerne sauebrun med ulike raude, ubleika kvite, gule/oransje og grøne tonar som dominerande. Det er sjeldan blått vart brukt som hovudfarge i tekstilen. Den fargen er helst brukt i nokre få innslag i tekstilen.

Etter at dei kjemiske fargane kom i handelen i siste halvdel av 1800-talet, kan ein sjå at garnet i nordmørsåkla i større gard var farga med pakkefargar/kjøpefargar (om fargar, sjå senger).

Tidsrom
Dei eldste nordmørsåklea / fragmenta av åklea kan truleg daterast til siste halvdel av 1700-talet.

Fleire av åklea som finst nord i Møre og Romsdal er laga på 1800-talet og utover 1900- talet.

Historikk
Nord i Møre og Romsdal var det særs vanleg med nordmørsåkle på skinnfell samstundes som tradisjonen med senger var dominerande sør i fylket. Det er ikkje klare grenser for desse to tradisjonane, og midt i fylket kan dei vere fråverande eller dei går litt over i kvarandre.

Ein kjenner til fleire dyktige veversker av nordmørsåkle. Nokre av desse er namngjevne, og dei hadde veving som attåtkoma/attåtnæring i tillegg til den vanlege gardsdrifta. Ei av desse var Johanna Halse frå Halsa, som kanskje har sett mest spor etter seg. Ho gjekk i lære i Trondheim og i 1893 heldt ho sitt første vevkurs på Vågland. «I 1915 ble Nordmøre Husflidslag stifta og Johanna Halse ble tilsett som vandrelærerinne for laget. Hun reiste rundt på Nordmøre og holdt kurser som varte i 6 uker, først i Surnadal og Sunndal, seinere i Trøndelag. Elevene arbeidde til seg sjølv, men arbeidene skulle loddes ut og inntekta gå til dekning av undervisninga bl.a. til lærerinnelønn og resten til laget». «På eit område stod Johanna Halse i ei særstiling, nemlig når det gjaldt Nordmørsveven. Det var denne hun først og fremst tok seg av. Det var mange både yngre og eldre, som i årenes løp fikk sin utdanning og dypere skjønn på vevkunsten under hennes rettleiing.» Bygdebok for Halsa.

I tillegg til at folk gjekk på vevkurs og vov til seg sjølve, var det fleire som vov på oppdrag og selde til vener og kjente. Veverskene vart gjerne inspirerte av å sjå mønster i andre sine tekstilar, for deretter å veve sjølv og setje sitt eige preg på eit nytt nordmørsåkle.

Nordmørsåklea vart brukt på skinnfellen som var i bruk vinterhalvåret. Det vert fortalt at dersom skinn­fellen var lang nok, var det ekstra godt å leggje seg og lage seg ei «fotbukt» for å hindre at kaldlufta i rommet skulle trekke inn under skinnfellen og leggje seg om føtene.

I sommarhalvåret var det vanleg å bruke stikka­teppe. Ull og/eller gamle strikkeplagg vart leverte inn til fabrikkar som laga vatt-tepper eller sjoddytepper som deretter vart kjøpt tilbake for ein rimeleg penge. Men ein kunne og lage stikkateppe sjølv. Oppå eit lerretsstoff eller liknande, vart det lagt fleire lag med kardeflak av ull. Det var viktig at kvart lag med kardeflak vart lagt ulike vegar for at ullfibrane skulle «feste seg» i kvarandre. Når ein hadde fått den tjukkleiken ein ynskte, la ein eit nytt lerretsstoff øvst. For at ulla ikkje skulle forskyve seg, vart det sydd med nål og tråd gjennom alle laga med jamne mellomrom over heile tekstilen. Med liten tilgang til kjøpeting, kunne stikkateppe vere ei kjærkomen bryllaupsgåve i nystifta heimar. Stikkateppa hadde om lag same storleiken som skinnfellane.

Utbreiing
Ein har inntrykk av at ein kan finne fleire tradisjonelle Nordmørsåkle i indre distrikt nord i Møre og Romsdal enn i ytre distrikt. Ein finn mange tradi­sjonelle nordmørsåkle i distrikta kring Sunndalen, Ålvundeid, Ålvundfjord, Surnadal og Rindal. Ein veit og at det finns tilsvarande tekstilar i sørlege kystdistrikt i Trøndelag (Kjelde: Anne Grete Sandstad, Å kle ei seng, å veve et åkle).

I dag
I dag kan ein framleis sjå nordmørsåkle i mange heimar. Tekstilane er blitt tatt vare på; mange heile, medan nokre har blitt delt i to etter arveopp­gjer. Bruksfunksjonen har helst endra seg til ein veggtekstil, men ein kan og finne dei att som bord­løparar eller stolteppe.

Ved å studere baksida på tekstilane kan ein sjå at fleire har tapt litt av gløden dei hadde då dei var nye.

I dag blir tradisjonen med å veve nordmørsåkle halde i hevd og formidla gjennom vevkurs i lag og foreiningar. Nordmørsåkle er gjerne ein av tekstilane som kursdeltakar møter på vevkurs nord i Møre og Romsdal. Gamle, kanskje slitte tekstilar, blir funne fram og garnkvalitet og fargar blir kopierte så godt som råd. Nokre få plantefargar garnet og vev så nær opp til originalen som dei klarer.

Les meir her:

I denne PDF-en finn du meir om dei tradisjonelle vevnadane frå Møre og Romsdal. Her finn du og vevoppskrift om du vil prøve deg på din eigen variant av senger eller nordmørsåkle.

 

Sjå også Norsk Håndverksinstitutt sin dokumentasjon frå 2011: «Sengevev» med tradisjonsberar Synnøve S. Erdal m.fl., med utførleg rapport.