Du er logget inn som

 

Stordvotten

Tilbake

I samband med at Stord husflidlag i år fyller 50 år, lyser me ut ein strikkekonkurranse for å få designa ein jubileumsvott. Mønsteret og eventuelt ferdige strikka votter vil seinare koma i sal der inntektene vil gå til laget. Konkurransen går i samarbeid med garn- og utstyrsbutikken Vevnad.

Namn på votten

Førebels namn på votten er “Stordvotten”, men designaren kan gjerne foreslår namn på votten som er tilpassa designet.

Kriterium

  • Materialval: Norsk ull
  • Tema: Inspirasjon frå Stordøya.
  • Teknikk og fargeval: Valfritt, men det vil bli lagt vekt på at mønsteret er strikkevenleg
  • Mønster: Det må følgja med mønsteroppskrift til ein voksenvott (mann eller dame).

 

Deltaking

Alle kan delta og deltakarane skal vera anonyme for juryen. 

Rettar

  • Stord husflidslag får rett til mønsteret.
  • Stord husflidslag får rett til å tilpassa designet til barne- og manns-/damevott, samt andre produkt.
  • Stord husflidslag får inntektene frå sal av mønster og ferdige strikka votter.
  • Namnet på designaren vert synleggjort i mønsteroppskrifta.

 

Jury

Det blir oppnemnt eigen jury på 3 medlemmar. 

Premie

Vinnaren blir premiert med 3000 kr. frå Stord husflidslag. Vevnad vil i tillegg gje eit gåvekort på kr 1000 til ein deltakar som blir trekt ut frå alle innsende bidrag.

Frist for innlevering

10.oktober 2022

Konkurransebidraga kan leverast frå 1. oktober til Stord Folkebibliotek eller til Vevnad på Heiane. Bidraget må vera innpakka og innehalde designaren sitt namn, telefonnummer og e-postadresse. Merk pakken «Stordvotten».

Konkurransebidrag kan også sendast til Stord Husflidslag, ℅ Vevnad, Ringvegen 12, 5412 Stord. Bidraga må vera oss i hende innan 10. oktober, så ta omsyn til posten si sendetid. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til:  Astrid, 982 55 252, eller Johanne, 990 41 096

 

main image