Du er logget inn som

 

Kurs i saum 17. – 19. mars 2023

Tilbake

Anna Wingård er utdanna dameskredder frå Sverige, og har dei siste 15 åra vore tilsett som kostymeansvarleg på Teater Vestland. Ho har nyleg komen attende til Sunnfjord etter eit år som kostymmëstare på Stads-teatern i Gøteborg. I tillegg driv ho Fauske Skredderi og jobbar akkurat no med å lage kostymer til danseforestillinga «Karhutanssi» for Festspillene i Nord-Norge og Kventeateret (produsent Astrid Serine Hole).

main image

På dette kurset vil du lære deg å ta mål og tilpasse ein grunnmal etter din storleik. Du vil lære deg å lage ein modell av eit plagg, klippe og sy ferdig plagget under rettleiing frå kurslærar. Anna vil legge til rette for at du kan velje plagg sjølv, etter eit avgrensa utval mønster. Dette for å gjere oppgåva med rettleiing overkommeleg for kurslærar.

Du treng å ta med eiga symaskin, stoff og tråd. Anna anbefala polyestertråd då den er sterkast. Om du har tenkt å farge plagget etterpå, bør du ikkje velje polyestertråd då den ikkje vil ta til seg farge.

Etter påmelding og når kursstart nærmar seg, vil du få meir rettleiing frå Anna på kva type stoff du bør velje ut i frå kva du har lyst til å sy.

Kurset vert arrangert i peisestova i Førdehuset, helga 17.-19. mars. Fredag 17. mars blir det kurs klokka 18.00-21.00, laurdag 18. mars klokka 9.00-16.00 og søndag 19. mars klokka 10.00-16.00.

Pris kr 1.120,- er du medlem i husflidslaget får du 20% rabatt på alle kurs. Du får e-post med betalingsopplysningar. Påmeldingsfrist 8.3.23.

Kurset blir arrangert ved 4 eller fleire påmeldte. Max antal deltakarar er 6, for at Anna skal kunne følge opp kvar deltakar.

Meld deg på til studieleiar i MSH, Hilde Gartland, på e-postadresse:  Ved påmelding skriv kva kurs du vil melde deg på, namnet ditt, adressa di, mobilnummer og året du er fødd. Påmeldingsfrist 1.3.23.

 

0