Du er logget inn som

 

Foredrag om plantefarging, 30.4.23 klokka 17.30.

Tilbake

Komande søndag kl 17.30 arrangerar MSH og Sunnfjord museum eit foredrag om plantefarging. Arrangementet er i besøksbygget på Sunnfjord museum.

Kva er plantefarging, og kvar kjem det frå?
Søndag 30. april kan du høyre, og lære meir, om plantefarging på Sunnfjord Museum. Vi har invitert Gitte Midtbø, frå Gardsfargeriet, til å fortelje meir om denne teknikken som gjev flotte fargar til strikkegarnet.
Gitte er sjølvlærd innan plantefarging, og fortel om sin bakgrunn som både stikkar og fargar, og ikkje minst korleis Gardsfargeriet oppsto.
Gitte vil fortelje om plantefarging og teori: litt om garn, fargeprosessen, forbehandling, etterbehandling og planter i nærleiken.
Foredraget denne kvelden gjev eit fint grunnlag til kurset i plantefarging som vi arrangerer 27. august, med Gitte som kursleiar. Enkel servering.
Billettar: vaksne kr. 110, honnør: kr. 80.
0