Du er logget inn som

Kurs i sying av bunadsskjorte 40 timar

Onsdag 28. august 2024

Sted:

Biblioteket på Sande

Arrangør:

Midtre Sunnfjord Husflidslag

Type:

Bunad og folkedrakt

Priser:

Ordinær pris: Kr. 3200,-


Bli medlem

Midtre Sunnfjord husflidslag inviterer med dette til kurs i sying av bunadsskjorte til Sunnfjordbunad (40 timar)

Dette kurset passar for dei som ikkje har sydd bunadsskjorte før. Ein lærer å ta mål, klippe skjorta, saum og montering. Dersom du har spørsmål om innhaldet i kurset, så ta kontakt med kurslærar Else på tlf: 91662354.

Kurslærar: Else Igelkjøn

Når: Hausten 2024 ¿ våren 25. Oppstart blir i slutten av august. Kjem tilbake med nøyaktig tidspunkt.

Stad: Biblioteket på Sande

Antal timar: 40

Påmeldingsfrist: 15.08.24

Materialkostnad: Materiale til å lage skjorta av, nål, tråd mm. Kjem tilbake til dette på oppstarten i slutten av august. Kjem tilbake til dette på oppstarten i slutten av august (om stoff, tråd, mønster og utstyr).

 

Betaling:

Kurset kostar 3200 kr. Er du medlem i Husflidslaget får du 20 % rabatt på kurs. (Om du ynskjer å bli medlem, gjer du det her:  https://husflid.no/om-norges-husflidslag/blimedlem/innmeldingsskjema/. Inkludert i medlemskapet får du magasinet Norsk husflid 5 gongar i året, du blir tilknytt ditt lokale husflidslag og du får rabatt på kurs og anna). Dersom du er medlem i husflidslaget kostar kurset 2560 kr. Innbetaling til kurset gjer du til kontonummer 3700.07.13938 før kurset startar opp. Hugs å merke betalinga med namn og type kurs.

 

Meld deg på skriftleg til studieleiar Tanja Myklebust, på tlf 48054364 eller e-postadresse:

Ved påmelding oppgje:

1)     namn

2)     adresse

3)     e-postadresse

4)     mobilnummer

5)     årstalet du er født

 

Vi tek forbehald om nok påmeldte for å halde kurset. Minimum antal er 4 stk og maks 7 stk.

 

0