Du er logget inn som

Kurs i vev

Mandag 9. september 2024 -
Mandag 24. mars 2025

Sted:

Førdehuset i Førde

Arrangør:

Midtre Sunnfjord Husflidslag

Type:

Vev

Priser:

Ordinær pris: Kr. 4800,-


Bli medlem

Midtre Sunnfjord husflidslag inviterer med dette til kurs i

Vev

Kurslærar: Kari Anne Kleiven

Når: Oppstart hausten 2024. Felles planleggingsmøte 9. september klokka 17.00-19.00. Kurset startar måndag 23. september klokka 17.00-20.00.

Ein møtast første gongen og får litt innføring og så finn ein ut kva ein vil veve. Så bestiller ein garn til prosjekta som må være komen til neste gong ein møtast.

Når ein er i gong med vevinga kan ein nytte Husflidsrommet og veve sjølvstendig mellom kurskveldane, om ein har høve til det. Når kurset er over er det viktig at om ein ikkje er heilt ferdig med arbeidet sitt, at ein får fullført dette sånn at veven kan nyttast vidare av andre.

Stad: Husflidsrommet i Førdehuset.

Påmeldingsfrist: 26.08.24

Antal timar: 60

Betaling:

Kurset kostar 4800 kroner. Er du medlem i Husflidslaget får du 20% rabatt på kurs, det vil seie at kurset kostar 3840 kr. Innbetaling gjer du til kontonummer 3700.07.13938 før kurset startar opp.

 

Meld deg på skriftleg til studieleiar Tanja Myklebust, på e-postadresse: .

Ved påmelding oppgje:

1)     namn

2)     adresse

3)     e-postadresse

4)     mobilnummer

5)     årstalet du er født

 

Vi tek forbehald om nok påmeldte for å halde kurset. Minimum antal er 4 stk og maks 10 stk.

 

0