Du er logget inn som

Kurs i tvebandstrikk

Mandag 15. april 2024 -
Mandag 22. april 2024

Sted:

Førdehuset i Førde

Arrangør:

Midtre Sunnfjord Husflidslag

Type:

Priser:

Ordinær pris: Kr. 320,-


Bli medlem

Tvebandstrikking

 

Dette er ein gamal teknikk som tidlegare vart mykje brukt både i Noreg, Sverige og Danmark. Ein strikkar alltid med to trådar som ein brukar på annankvar maske og tvinnar mellom kvar maske. Arbeidet vert då tettare enn med vanleg strikking.    

 

Tveband strikkar ein rundt og rundt, anten på rundpinne eller 5 pinnar. Teknikken eignar seg godt til vottar, og ein kan strikke heile votten i tveband eller berre ein oppleggskant eller ei pyntebord. Ta med deg garn i 2 fargar (gjerne kontrastar) og 5 strikkepinnar.


Kurslærar: Asbjørg Lotsberg

Når: måndag 15.4.24 klokka 18.00-20.00 og måndag 22.4.24 klokka 18.00-20.00

Stad: I Folkeverkstaden/peisestova på Førdehuset (under biblioteket).

Påmeldingsfrist: 8.3.24

Antal timar: 4

 

Betaling:

Kurset kostar 320 kr. Er du medlem i Husflidslaget får du 20% rabatt på kurs, det vil seie at kurset kostar 256 kr. Innbetaling gjer du til kontonummer 3700.07.13938 før kurset startar opp.

 

Meld deg på skriftleg til studieleiar Tanja Myklebust, på e-postadresse: .

Ved påmelding oppgje:

1)     namn

2)     adresse

3)     e-postadresse

4)     mobilnummer

5)     årstalet du er født

 

Vi tek forbehald om nok påmeldte for å halde kurset. Minimum antal er 4 stk og maks 12 stk.    

0