Du er logget inn som

Vevlærarkurs

Fredag 19. april 2024 -
Søndag 21. april 2024

Sted:

Håndverkstova, Randabergveien 368

Arrangør:

Randaberg Husflidslag

Type:

Vev

Priser:

Ordinær pris: Kr. 1100,-


Bli medlem

Vevlærarkurset er eit 12-timars kurs i vevpedagogikk sterk forankra i praktisk arbeid. Målgruppa er medlemmar i lokallag i Rogaland med vev-erfaring som ynskjer å setja opp nybyrjarkurs men ikkje veit kor dei skal starta.

Me skal veva! Og me skal læra andre å veva!

På kurset skal alle veva eit reisepledd i ringvend, ein klut i vaffelbinding, og ei brikke i krokbragd (med mønster frå Suldal); samstundes skal me gå gjennom korleis me set opp kurs for nybyrjarar i eige lag.

Kurset byrjar fredag ettermiddag med utrekning og renning av renningane, samt formidling av utrekning til nybyrjarar.

Me hald fram laurdag med påsveiping, itreing, nedknytting, og veving, samt vaksenpegagogikk i vevfaget

Sundag vevar me ferdig, klippar ned, og tek med heim det me har lært på kurs, samt korleis me kan setja opp kurs i eige lag.

Tida kjem til å fly, så me må jobba effektivt. Materiell og oppskrifter sendast ut i forkant og konsulenten vil alltid fylgja opp dei som ynskjer å setja opp vevkurs.


Dette kurset blir støtta av Studieforbundet Kultur og Tradisjon.

---

Kursprisen dekkjer kurslærar og materialkostnadar (400,- per deltakar).

Lokallagstyre oppfordrast til å dekkja medlemmanes deltaking på dette kurset.

Meld deg på ved å sende epost til Husflidskonsulent i Rogaland ()

PÅMELDING: inkluder i e-posten ditt heile namn, lokallag, føretrukke epostadresse, telefonnummer, fødselsår, og allergier/matintoleransar

0