Du er logget inn som

Nuperellekurs

Fredag 12. april 2024 -
Søndag 14. april 2024

Sted:

Museumshallen på Sunnhordland museum

Arrangør:

Stord Husflidslag

Type:

Andre teknikker

Priser:

Ordinær pris: Kr. 1200,-

Medlemspris: Kr. 1050 ,-


Bli medlem

Nuperellar er ein handarbeidsteknikk der ein lagar blonder av knutar forma som ringar og buer. Teknikken er lite brukt i dag og er raudlista av Norges husfflidslag. 

Kurset er ope både for nybegynnarara og dei som vil lære litt meir om teknikken.

Dette bli gjennomgått på kurset:

  • basisteknikken "dobbel knute"
  • slå eit lite motiv etter mønster
  • trådfesting
  • folded join
  • splitring

Fleire teknikkar for vidarekomne kan avtalast med kurslærar på førehand.

Materialar du treng:

DNC-tråd nr 20 eller Lizbeth-tråd Nr. 10 (for nybegynnarar) eller nr. 20, gjerne i 2 fargar, Nuperelleskytlar, minst 2 stk, og heklenål nr, 1,5 - 1,75

I Sunnhordlandsområdet finn ein nuperelleutstyr i einskilde butikkar på Leirvik/Heiane, Bømlo og Haugesund.  Utstyr kan også tingast på nett hos Roseground.com. Noko material kan også kjøpast av kurslærar, ta evt. kontakt med kurslærar før kursstart. 

Kurset går over 12 timar fordelt på fredag (17 -20), lørdag (10 - 15) og søndag (10-14). Kurslærar er Anneli Piechotta, mobil 461 13 997

Kurset kostar 1200 kr, 1050 kr for medlemmar i husflidslaget. Bindane påmelding til studieleiar Astrid Haugland, send sms til 982 55 252.


0