Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
1. okt 2024|
Tekst: Magnhild Runde, husflidskonsulent i Sogn og Fjordane|
Oppskrifter|Spikking og tresløyd|
Ein treng ikkje å betale for å skaffe seg nytt hårpynt. Det kan du enkelt lage sjølv, ved hjelp av ein kniv og ein pinne. Til dekor kan du bruke furubork for å lage kolrosing, eller så kan du ha litt maling på.
Sag av ein pinne som er ca 20 cm lang. Det er betre å ha den litt for lang når du spikkar, og så kan du heller sage av når du er ferdig å spikke.
Spikk først pinnen slik at den vert kvadratisk, då er det lettare å få den heilt bein og rund til slutt.
Spikk den smalare på den eine sida, men fortsett med den kvadratiske forma. Når du nermar deg den tjukkelsen du vil ha, så kan du spikke av hjørnene, slik at den vert åttekanta. Spikk deretter av hjørnene igjen, og igjen. Pinnen vil då bli rund.
På den breiaste delen kan du dekorere slik du vil. Om du vil ha kolrosing på, kan det vere lurt at den er flat.
La pinnen tørke til dagen etter, og reinspikk, slik at det ikkje stikk ut fliser. No er hårpinnen klar til å dekorerast med maling eller kolrosing.