Då Eid Husflidslag vart utfordra på å velje seg ein teknikk som står i fare for å verte utrydda, valde vi den eldgamle fletteteknikken sprang.

Vi er så heldige å ha eit medlem som kan denne teknikken og som ville ta på seg å lære denne vidare og slik spreie kunnskapen. På etterjulsvinteren 2015 samla fire damer seg til kurs. Med nylaga sprangrammer, skiljestavar av trepersienner, godt bomullsgarn og stort pågangsmot gjekk vi i gang. Litt plunder vart det i starten, men under kyndig rettleiing av Bodil Johnson så vart rammene rende og springinga kunne starte. Spanande å lære seg noko kjempegamalt samtidig som vi er med på å ta vare på ein utryddingstrua handarbeidsteknikk. Tolmodet vart sett på prøve mang ein gang for både kursleiar og kursdeltakarar. Stemninga var god og latteren sat laust på kurset, men innimellom vart det heilt stille. Det nytta ikkje å prate når ein held på med eit komplisert mønster, for då vert det feil og feil forsvinn ikkje… Det straffar seg å jukse. Feila vert med vidare nedover i arbeidet så dei må rettast oppatt straks. Ei av damene uttalte at det var godt tråden ikkje loa for då hadde arbeidet berre vorte ei fille, så mange gongar som ho måtte ta oppatt. Ei av damene nytta det ferdige arbeidet til pynt på ei dongeriveske.

Sprang har vorte kalla norske kniplingar og med å nytte tynn tråd får ein eit blondeaktig uttrykk på det ferdige arbeidet. Ein kan lage ulike ting av sprangarbeid t.d. gardiner. Damene på kurset var einige om at det var nok for litt vidarekomne. Vi hadde besøk av ein journalist på kurset og det vart omtalt både i ei av lokalavisene i Nordfjord og i Familien. Etter oppslaget i Familien fekk ”sprang-jentene” i Eid Husflidslag ei hyggjeleg helsing frå Herborg Wahl som er ein kapasitet på sprang her i Noreg. Kjekt at det ein driv med vert lagt merke til.