Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
4. sep 2023|
Arrangement|
Den 8.-10 september kan du møte oss på Dyrsku’n i Seljord, Telemark. Norges Husflidslag deltek med ei rekke husflidsaktiviteter for vaksne og born. Sjå heile det mangfoldige programmet til Dyrsku’n på denne sida, eller scroll ned for å sjå utvalgte husflidsaktivitetar.
Følg også @husflid_handverk_design_dyrsku på Instagram for oppdateringar gjennom heile helga!
Fredag 8. september
Kl. 09–20 Vipp hår og sleng hoseband. Demonstrasjonar på standen til Norges Husflidslag på Sterke Nils-tunet. Kl. 12.00 Kva er greia med lin? Foredrag om det nordiske prosjektet 1kvm lin, med husflidskonsulent Reidunn Horgen, TettPå liten-arenaen.
Sjå heile fredagsprogrammet til Dyrsku’n
Laurdag 9. september
Kl. 09–20 Alt kan fikses! Bli inspirert til å reparere dine eigne klede. Demonstrasjonar på standen til Norges Husflidslag på Sterke Nils-tunet. Kl. 12.00 Rauland Vevarlag: Ei taktil historie, med husflidskonsulent William Riedlinger, TettPå liten-arenaen. Kl. 15–16 Handverkskino. Ta med noko godt i koppen og sjå rullerande handverkssnuttar medan du tek ein pust i bakken, TettPå liten-arenaen.
Sjå heile laurdagsprogrammet til Dyrsku’n
Søndag 10. september
Kl. 09–20 Gjer eit spikk! Demonstrasjon av spikking og tips til vedlikehald av verktøy, standen til Norges Husflidslag på Sterke Nils-tunet. Kl. 15–17 Premie og prisutdeling: Husflidtevlinga 2023 og stipendutdeling. Song ved Ågapet mannskor og felespel v/Gudrun Straand. TettPå liten-arenaen.
Sjå heile søndagsprogrammet til Dyrsku’n
Heile helga, kl. 09–20 alle dagar.
Husflidutstillinga 2023. Utstilte arbeid frå konkurranse innan kniv, smiing, tre, sølv, kemarmikk og tekstil, Hall B Studentutstilling frå USN, Hall B Handverksutstilling – Morgedal Ski viser skimaking, Gongestogo
Særustilling/demonstrasjon av tægerarbeid, Signe Irene Berg, Hall B Særustilling/demonstrasjon av treskjæring, Treskjærerverkstedet AS, Hall B Særustilling med korgarbeider, Hege Iren Aasdal, Hall B Demonstrasjon av smiing og knivmaking, Norsk Knivforening, Hall B
Handverksrebus for born. Bli kjent med handverk på Dyrsku’n, og vinn fine premiar. Rebusen finn du i Postbanken ved Hall B med Telemark Husflidlag, og på Sterke Nils-tunet på standen til Norges Husflidslag. Rebusen leverast inn på same stad.
Demonstrasjon av ulike husflidteknikkar og husflidlotteri, Telemark Husflidslag, Postbanken ved Hall B
Til butikken
Din handlekurv er tom.