Har du lyst til å lære meir om den særmerkte dekorteknikken som prydar hardingfelene -roseteikning? Bli med på workshop med felemakar Ottar Kåsa, som gir ei enkel innføring i kunsten å teikne hardingfeleroser.

 

Felemakarane Ottar Kåsa og Jake Fineberg har delteke i Homo Faber Fellowship-programmet – eit kultur- og formidlingsprogram utvikla spesielt for studentar og nyutdanna. Gjennom utvekslingsprogrammet laga dei denne hardingfela, som vart stilt ut på Milan Design Week. Den vil også å bli stilt ut på 3DAYSOFDESIGN in Copenhagen 10. -12. juni.

Ottar Kåsa (f.1983) er spelemann og felemakar, busett i Bø i Telemark. Han har heldt på som heiltids hardingfelemakar sidan 2005, då han starta i lære hjå Sigvald Rørlien ved Ole Bull akademiet på Voss. Sidan 2008 har han drive eigen verkstad i Bø, der han har laga rundt 50 hardingfeler, 4 hardingbratsjar og 3 hardingcelloar. Han har også dekorert andre instrument med hardingfeledekor, slik som gitarar, bassgitarar og trommer.

Jake Fineberg (f. 1997) er frå London, men bur no i Bø i Telemark. Han har ein bachelor i folkekunst frå Universitetet i Sørøst Norge og er for tida felemakerlærling hos Ottar Kåsa.