Raudlista: Midtre Sunnfjord Husflidslag har arbeidd med tønnebøkring som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Husflidslaget har medlemmer i seks kommunar. I fleire av dei vaks det fram bedrifter, fyrst heime på gardane, men etter kvart vart det utvikla maskiner og ein fekk tønnefabrikkar; som den vi har vore og sett på hjå O. A. Lunde i Bygstad i Gaular v/ Olav Birkeland, 3.generasjons innehavar. Der fekk dei som hadde kjennskap til handverket arbeide med framstilling av tønner i fabrikken. Mange av maskinene som vart nytta var også laga lokalt. Året 1867 gav Eilert Sundt ut boka: ”Husfliden i Norge”. Her er ein særs velskriven artikkel om: ”Tønder, Tiner og Skrin i Søndfjord”, står det i den eldste Gaularsoga. Til å lese for den som vil vite meir.

Før plasten si tid var tretønner einaste måten å lagre og sende sild på. I Bygstad var fabrikken i drift fram til 1975 og arbeidet der var ei viktig attåtnæring for bøndene i vinterhalvåret.

Vi har samarbeidd med «Tønna» i Bygstad i Gaular kommune. Innehavar Olav Birkeland viste oss rundt i det gamle fabrikklokalet som er i same bygningen som utestaden «Tønna». Han fortalde om kva maskinene vart brukte til og kva dei ulike verktya heiter. Fotografane Arne Kleiva og Odd Byrkjeflot hjelpte oss med å få gode dokumentasjonsbilete frå slik det ser ut i fabrikken i dag. Stor takk til Olav, Arne og Odd.

  1. Lastebil med tønner
  2. Manuell høvling av staven. Kvar arbeidar hadde sin eigen høvel.
  3. Maskinell høvling av staven
  4. Diksel (ein hammar) og drevjarn
  5. Å reise tønna: stavane på plass og slagband av metall rundt. Ein måtte bruke tautvinge for å få på plass slagbandet.
  6. Fyrjarn med brennande spon måtte stå inni tønna for å gjere stavane bøyelege. Tønna vart òg sett inn i grua eller peisen.
  7. Utstyr til å høvle ut fals for botn og lok, eit arbeid kryssemaskina tok over etter kvart.
  8. Olav Birkeland ved sida av kryssemaskina.
  9. Ferdige tønner i ulik storleik.

 

Slagband og tønneband er ikkje det same, slagbanda vart nytta for å få tønna i ”fasong”.

Det var ei eiga avdeling på loftet som laga botn og lok av vrakstavar og restemateriale.

Vi kan lese i den eldste Gaularsoga at dei flinkaste bøkkarane kunne greie 12-14 tønner om dagen i den tida då alt arbeidet vart gjort for hand. Det er framleis personar i Gaular som kan bøkre.

I vårt fylke er det ein museumsfabrikk som viser tønneproduksjon i Vågsøy kommune. Hagevik Tønnefabrikk.  I Hordaland vert det produsert tønner på Samnøy i Fusa.

I dag vert tretønner nytta til salting av mellom anna kaviar.

«Damebogen»

Under omvisinga på tønnefabrikken fekk vi sjå i diverse rekneskapsbøker. Blant anna fekk vi vite at einslege kvinner kunne kjøpe på bok i butikken til O. A. Lunde, og gjere opp anten ved byte av varer eller ved arbeid i mangel av pengar. Dette vart sirleg skrive i ”Damebogen” og stroke ut når gjelda var gjort opp.

Kjelder:

  • Olaf Hjelmeland: Gaularsoga 2, 1961.
  • Jan Timberlid: Bygdebok for Gaular, band 3, 1995.
  • Olav Birkeland,  f. 1958

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Midtre Sunnfjord Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.