Skeispikking er eit populært og omfamna felt for mange spikkarar i inn og utland. Den interesserte kan finne ei lita verd av festivalar og klubbar der spikking av skeier er tema. Du treng berre nokre få og grunnleggande verktøy, rått virke og litt plass. Ein liten kjøkkenkrok kan fungere heilt fint.

I kortfilmen «Grønn Sløyd, økse og spikke en skje» skildrar sløydaren Arild Larsen frå Norges Husflidslag skeispikking som både enkelt og fascinerande på same tid.

Her kjem eit par oppskrifter som passar for deg som vil lære deg å spikke skei for fyrste gong, og ei for deg som kan litt frå før eller vil teste ein ny framgangsmåte.

Kløyv spikkeemner 

Nivå: Nybyrjar / Ung Husflid / Alle 

Enkel skei 

Nivå:  Nybyrjar / Ung Husflid 

Lær grunnleggande spikkegrep + spikk ei enkel skei 

Økse og spikke skei

Nivå: Vidarekomande

Grønn sløyd - ei håndbok i spikking og trearbeid

Du finn fleire framgangsmåtar på enkle og meir avanserte skeier i heftet «Grønn Sløyd», samt mange andre fine spikkeprosjekt for både born og vaksne.

Få ein smakebit på heftet. Vi har delt to oppskrifter fra Grønn sløyd her på nettsiden:

Spikk din egen smørkniv
Gå til oppskrift.

Spikk ei skei
Gå til oppskrift.