Raudlista: Ein sjonaleist er ein ankelsokk med ei mangefarga mønsterbord i tett tvebandstrikk øvst. Leistane høyrde til draktskikken både i Hardanger og på Voss. Sjonaleistane vart brukte til festar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og andre festdagar.

Ankelsokkane vart brukte utanpå knestrømper. Kvinnene har brukt svarte eller mørkeblå knestrømper, medan mennene hadde kvite strømper med strukturmønster. Ordet leist tyder sokk, medan «sjon» tyder noko å syna fram, eit vakkert syn for auga, eit føredøme som er verd refleksjon.

Mønsterborda i sokkepara er oftast individuelt og variert utforma, og nokre av motiva finn vi att i mønsterfeltet øvst på fleire bringeklutar. Under borda kjem eit einsfarga kvitt felt i tveband, før hæl og fot vert strikka i vanleg glattstrikk i tjukkare garn. Det finst fleire typar hælfellingar, og tåfellinga er asymmetrisk med tydeleg venstre- og høgresokk. Ei kort flette avsluttar fellinga, slik at sokkane kan bindast saman, når dei ikkje er på foten. Mange sokkepar har sidesplitt som er kanta, oftast med raudt ullstoff, og er lukka med to par hekter. Andre par er utan denne splitten. Sokkane som er registrerte i musea, er truleg strikka i handspunne og naturfarga garn.

Undersøking og gjenskaping av sjonaleisten er basert på materiale frå Hardanger folkemuseum, Voss folkemuseum og Norsk folkemuseum. Dessutan har Vesterheim, The National Norwegian-American Museum & Heritage Center i Iowa, USA, eit sett sjonaleistar og sokkeband frå Hardanger. Det er vanskeleg å finna skriftleg historisk dokumentasjon om plagga, men sjonaleisten er vist på draktakvareller frå første del av 1800-talet, utførte mellom andre av Adolph Tiedemand, Johannes Flintoe og Niels Hertzberg , dessutan er dei viste på ei rekkje private foto. Bruken kan dokumenterast til like etter siste verdskrig.

Gruppa som har arbeidd med dette prosjektet er Agnete Sivertsen og Line Iversen frå Hardanger folkemuseum, Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag, Åslaug Utne frå Folgefonn Husflidslag og Kristi Nilsen. Prosjektgruppa ynskjer at denne vakre sokken kjem i bruk att og har derfor laga ein strikkepakke som inneheld alt ein treng. Kristi Nilsen har utarbeidd oppskrifta med ulike mønsterborder og dei hælfellingane som finst i det gamle materialet.

Strikkepakkane kan ein kjøpa på Hardanger folkemuseum. Her finn ein og to instruksjonsvideoar som synar tveband-opplegget og tvebandstrikk med mange fargar.

 

Kontaktinformasjon: Folgefonn Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.