I strålande vêr samla 28 deltakarar seg til Rundt-bålet kurset i Trondheim.

Hovudtyngda av deltakarane var frå Trøndelag og Møre og Romsdal, men også langveisfarande frå Nordland og Vestland hadde funne vegen til Trøndelag folkemuseum, Sverresborg. Nokre var nybegynnarar og fekk si første oppleving med å spikke i rått tre, mens andre var øvde «spikkarar»  som bidrog i opplæringa med eigne erfaringar.

Inspirasjon og fagleg påfyll gav eit godt grunnlag for opplevingar og vidare opplæring i lokallaga rundt om i Midt-Noreg.