Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
18. okt 2024|
Rødlista|
Under Tekstilsymposiet i Skien i oktober vart det delt ut ein heiderspris for arbeid med raudlisteprosjekt. Møre og Romsdal Husflidslag fekk prisen for godt arbeid med dokumentasjon av «Senger og nordmørsåkle».
Styreleiar i Norges Husflidslag, Agnete Sivertsen, deler ut prisen.
Raudlisteprosjektet «Senger og nordmørsåkle» er eit samandrag av registreringar av over 1500 tekstilar frå heile Møre og Romsdal. Lokallaga i fylket gjorde eit stort arbeid på 90-talet med å samle inn og fotografere tekstilar ein sov under i tidlegare tider. Desse overbreislene fekk namnet «seng» i Romsdal og Sunnmøre og kunne vere rikt dekorerte med innsmetta symbol og ikat-farga innslag. Lenger nord finn vi nordmørsåklea vevd i krokbragd på tre eller fire skaft.
Etter utstilling i 1995 og kalenderutgjeving i 1998 vart registreringane ståande på eit kontor i mange år, før regionlaget og husflidskonsulenten bestemte seg for å gjere delar av materialet tilgjengeleg for fleire gjennom eit raudlisteprosjekt. Eit samandrag av funna, samt to oppskrifter på seng og nordmørsåkle vart utarbeidd og publisert på «Raudlista». Prosjektet viser til ein rik lokal tradisjon, og understrekar samstundes kor mangfaldig tradisjonen kan vere berre innafor eitt fylke. Fleire lokallag held framleis tradisjonen levande i vevstovene rundt om i fylket.
Prisen skal vere med på å stimulere fleire lokallag til å jobbe med eigne dokumentasjonar som kan leggast ut på Norges Husflidslag si nettside.
Stolt regionlag
Det var Kari Kristin Folden frå Møre og Romsdal husflidslag, som tok mot prisen på vegner av regionlaget.
– Møre og Romsdal Husflidslag er svært takksame og stolte over å ha mottatt den første raudlistedokumentasjonsprisen som er utdelt av Norges Husflidslag. Dette er ein stor heider til det arbeidet som er lagt ned gjennom mange år. Prisen inspirerer også til vidare arbeid for å ta vare på kulturarven vår og formidle den vidare, seier Gunvor Dyvik Friisvold, leiar i Møre og Romsdal Husflidslag.
Stort arbeid over mange år
Tidlegare husflidskonsulent i Møre og Romsdal, Randi Hole, var heilt sentral i arbeidet med prosjektet frå oppstarten på 90-talet, til det no er publisert på husflid.no, og tilgjengeleg for alle. Her fortel ho om bakgrunnen og prosessen:
Fram til ca 1920-30 åra var det vanlig å bruke heimevevde dynetrekk i sengene i deler av Møre og Romsdal. Desse tekstilane var særs fargesprakande og rikt dekorerte og kunne minne om tekstilar frå andre land. Tekstilane gjekk etter kvart ut av bruk eller fekk andre bruksområder. På 1970- talet og i åra framover var det rådande at norsk fargetradisjon hadde ein forholdsvis metta fargeskala som bonderød, bondeblå, sennepsgul osb. Derfor skilte desse særs fargerike tekstilane seg ut frå det som var dominerande. Dette skapte ein nysgjerrigheit, der ein lurte på kor desse tekstilane kom i frå, kven lage dei, korleis var dei laga, kvifor hadde dei ein anna fargeskala og om det fantes personar som framleis kunne formidle kunnskap om denne tradisjonen. Husflidskonsulenten fekk difor med seg Møre og Romsdal Husflidslag til å utvikle eit prosjekt kring dette temaet. Undervegs knytte ein til seg personar som var tradisjonsberarar eller hadde anna nødvendig kompetanse. Gjennom dei første 2-3 prosjektåra vart det med stor hjelp av husflidslaga, gjennomført ei tekstilregistrering av om lag 500-600 tekstilar. Under arbeidet såg ein raskt at desse tekstilane, som har det lokale namnet senger, stort sett var å finne sør i fylket og langs deler av kysten. I dei andre delane av fylket fantes ein annan tradisjon med skinnfell og stikkateppe med fellåkle. Desse to tradisjonane eksisterte parallelt i same tidsrommet. For å kartlegg kva som fantes av tekstilar i senger i heile fylket, vart prosjektet utvida til å dekke heile Møre og Romsdal, og difor fekk prosjektet namnet Senger og fellåkle og seinare, Senger og Nordmørsåkle. Fylkeshusflidslaget var «eigar» av prosjekt, og husflidskonsulenten var gjennom alle åra, drivar av prosjektet saman med enkeltpersonar og ulike prosjektgrupper. Prosjektet har tatt ulike vendingar gjennom åra; frå registrering, til lokale utstillingar og ei stor fylkesutstilling og kalender over tema. Det vart halde foredrag i ulike miljø, skrevet ei avhandling på Høgskulen i Volda og prosjektoppgåve på deler av tema samt at ein laga vevoppskrifter for allmenn bruk. Til sist vart det skrive historikk og plukka ut eit representativt utval av tekstilane for å ivareta og formidle tradisjonen og la den inspirere til nye produkt. Tradisjonen med senger og nordmørsåkle vart så lagt på raudlista hos Norges Husflidslag.
Fram til ca 1920-30 åra var det vanlig å bruke heimevevde dynetrekk i sengene i deler av Møre og Romsdal. Desse tekstilane var særs fargesprakande og rikt dekorerte og kunne minne om tekstilar frå andre land. Tekstilane gjekk etter kvart ut av bruk eller fekk andre bruksområder.
På 1970- talet og i åra framover var det rådande at norsk fargetradisjon hadde ein forholdsvis metta fargeskala som bonderød, bondeblå, sennepsgul osb. Derfor skilte desse særs fargerike tekstilane seg ut frå det som var dominerande. Dette skapte ein nysgjerrigheit, der ein lurte på kor desse tekstilane kom i frå, kven lage dei, korleis var dei laga, kvifor hadde dei ein anna fargeskala og om det fantes personar som framleis kunne formidle kunnskap om denne tradisjonen.
Husflidskonsulenten fekk difor med seg Møre og Romsdal Husflidslag til å utvikle eit prosjekt kring dette temaet. Undervegs knytte ein til seg personar som var tradisjonsberarar eller hadde anna nødvendig kompetanse. Gjennom dei første 2-3 prosjektåra vart det med stor hjelp av husflidslaga, gjennomført ei tekstilregistrering av om lag 500-600 tekstilar. Under arbeidet såg ein raskt at desse tekstilane, som har det lokale namnet senger, stort sett var å finne sør i fylket og langs deler av kysten. I dei andre delane av fylket fantes ein annan tradisjon med skinnfell og stikkateppe med fellåkle. Desse to tradisjonane eksisterte parallelt i same tidsrommet.
For å kartlegg kva som fantes av tekstilar i senger i heile fylket, vart prosjektet utvida til å dekke heile Møre og Romsdal, og difor fekk prosjektet namnet Senger og fellåkle og seinare, Senger og Nordmørsåkle.
Fylkeshusflidslaget var «eigar» av prosjekt, og husflidskonsulenten var gjennom alle åra, drivar av prosjektet saman med enkeltpersonar og ulike prosjektgrupper. Prosjektet har tatt ulike vendingar gjennom åra; frå registrering, til lokale utstillingar og ei stor fylkesutstilling og kalender over tema. Det vart halde foredrag i ulike miljø, skrevet ei avhandling på Høgskulen i Volda og prosjektoppgåve på deler av tema samt at ein laga vevoppskrifter for allmenn bruk. Til sist vart det skrive historikk og plukka ut eit representativt utval av tekstilane for å ivareta og formidle tradisjonen og la den inspirere til nye produkt.
Tradisjonen med senger og nordmørsåkle vart så lagt på raudlista hos Norges Husflidslag.
Sjå heile den rikt illustrerte dokumentasjonen her. Du finn og vevoppskrifter, om du vil prøve å lage din eignen versjon av seng eller nordmørsåkle.
I tillegg til prosjektet som stakk av med prisen, var også desse nominerte:
Raudlista er ein landsomfattande dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymt. Husflidslaga vel sjølv kva teknikkar dei vil arbeide med.