Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
22. sep 2026|
Organisasjon|Rødlista|
Vi inviterer til kurs i raudlistearbeid for medlemmer i Norges Husflidslag. Lær meir om korleis du kan redde utryddingstruga handverk gjennom å rekruttere nye tradisjonsberarar. Kurset passar både for medlemmar av lokallag som har gjennomført eit raudlistearbeid og ønskjer å vidareutvikle det, og lag som er i oppstartsfasen eller ønskjer å setje i gang.
Programmet er delt i to bolkar, ein praktisk og ein meir teoretisk del.
Paktisk del
I den praktiske delen får deltakarane innføring i tre ulike raudlisteområde. Dei kan velje mellom Sivsko, raudlistearbeid frå Jæren Husflidslag, Postahekling, raudlistearbeid frå Rennesøy Husflidslag og Sprang – ein tekstilteknikk med røter tilbake til bronsealderen. Gjennom praktisk arbeid får deltakarane innsikt i både handverka og metodane som er nytta for å dokumentere og vidareføre dei.
Kurslærarar frå Jæren Husflidslag
Kurslærarar frå Rennesøy Husflidslag
Kurslærar Helene Henriksen, Husflidskonsulent
Teoretisk del
Den andre delen av samlinga gir deltakarane kunnskap og verktøy til å utvikle eigne raudlisteprosjekt. Tema under denne delen er mellom anna: Korleis identifisere og velgje eigna prosjekt. Kjelderarbeid og rettigheiter. Korleis skrive gode tekstar. Fotografi og film som dokumentasjonsmetode. Metodar for vidareføring og levandegjering av handverkstradisjonar. Tilpassing av formidling for barn og unge. Erfaringsutveksling og gode døme frå lag som allereie er komme i gang med arbeidet.
Tid og stad:
Pris: 1500,- (med medlemsrabatt)
Prisen inkludert kursopplegg, lunsj laurdag og søndag samt middag laurdag. Materialutgifter til den praktiske delen kjem utanom og skal betalast til kurslærar direkte. Deltakarane må sjølve dekke og organisere reise og overnatting.
Vi oppmodar lokallag/regionlag til å støtte sine deltakarar økonomisk.
Påmeldingsfrist: 23. oktober
Spørsmål?
Kontakt William Riedlinger william@husflid.no eller Helene Henriksen helene@husflid.no.