Kva kan regionlaget gjere for å styrke Raudlista i sin region?

Raudlista er lokallaga sin måte å fremje utryddingstruga kulturarv og å få den til å leve vidare. Det er mykje regionlaget kan gjera for å bidra til dette arbeidet. Eldsjeler som brenn for ein teknikk eller tradisjon treng ofte litt støtte for å komme i gang, eller for å halde flammen i live. Støtta kan vera økonomi, rettleiing eller berre å vera sparringpartnar. Å vise fram prosjekt lokallaga jobbar med er også utruleg viktig for å heidra dei som har stått på. Under har me samla ulike måtar regionlag jobbar for å fremje Raudlista i sin region. Ta inspirasjon frå desse og sjå kva som kan passe i din region; ynskjer du nokon å snakke med om desse, send gjerne ein e-post til Raudlista-gruppa: helene@husflid.no eller william@husflid.no. Denne lista er på ingen måte komplett, om du har tips til fleire måtar eit regionlag kan fremje Raudlista på, send dei gjerne til William, så blir dei lagt til her.

Stipend

Hordaland Husflidslag og Akershus Husflidslag har i fleire år sett av pengar i budsjettet sitt for fremjing av Raudlista. Lokallag kan søkje stipend basert på kriteria satt av regionlaget. Tiltaket har resultert i mange bøker, hefte, og andre publikasjonar i Hordaland og Akershus.

Premiering

Oppland Husflidslag har annakvart år delt ut premie for beste dokumentasjon av ein raudlista teknikk. Søknader blir sendt inn fortløpande, med siste frist januar det året premien blir delt ut. Premien blir delt ut på årsmøtet. Dette gjer at fleire lag jobbar hardt med å få dokumentert sin teknikk innan fristen.

Utstilling

Telemark Husflidslag har kjøpt inn montrar, ca. 60 x 70 cm, og delt ut til alle lokallaga i regionen. Desse kan lokallaga fylle med gjenstandar dei har laga. I all hovudsak er gjenstandane laga i raudlisteteknikkar. Montrane blir stilt ut under større arrangement som Dyrsku’n og årsmøtet slik at publikum og andre i lokallaga kan sjå kva dei jobbar med.

Møre og Romsdal Husflidslag har også arrangert utstillingar av teknikkane deira lokallag har jobba med. På den måten får publikum augo opp for kva skjulte skattar som gøymer seg i vår immaterielle kulturarv, og eldsjelene i lokallaga blir heidra for sitt arbeid.

Bok og hefter

Sogn og Fjordane Husflidslag laga i 2015 bok med sine raudlisteteknikkar, medan Hedmark Husflidslag presenterte raudsliteteknikkane til lokallaga i jubileumsheftet sitt i 2024.

Regionlaget bad kvart lokallag finne seg ein lokal teknikk som dei kunne dokumentere i boka dei gav ut. Dette måtte skje minst eit år før boka skulle gå i trykk. Regionlaget kan søkje midlar hos eksterne til finansiering av bøkene, og samarbeid med lokallag gjer søknaden attraktivt.

Speed-dating

Kanskje finn du din neste handverks-kjærleik på Speed-dating? I Møre og Romsdal arrangerte konsulenten dette saman med eit lokalt museum og fleire lokallag. Publikum vart inviterte til å komme og lære om ein ny teknikk på 20 minutt. Det var seks ulike teknikkar ein gjekk på rundgang mellom. På denne måten får eit publikum ikkje berre sett resultatet av teknikken, men faktisk prøve sjølv.

Eigen dokumentasjon på Raudlista

Fleire regionlag har sin eigen dokumentasjon på Raudlista. Det er ulike grunnar til dette. Ofte er det fordi ein teknikk kan vera spesiell for heile regionen, eller fordi regionlaget ynskjer å gje ut ein publikasjon om teknikken. Uansett grunn bidrar det til Raudlista og viser lokallag kva eit raudlisteprosjekt kan bli.