Du er logget inn som

 

Kipe-prosjektet

Tilbake

Heilt sidan steinalderen har menneskja kunna kunsten å laga fletta korger. Kipe har vore laga og brukt i Vik frå gamalt av, men då Vik Husflidslag ville skipe til kurs i kipebinding, fann vi ingen i Vik som kunne lære oss det.

 

På internett fann vi til slutt Samson Øvstebø frå Åkra som ja til å kome til Vik ei helg og halde kurs. Vi var 8 deltakarar, 3 menn og 5 kvinner.

Kipe (sponkorg) er ei fletta korg som kan berast på ryggen eller  hengast som kløv på  hesteryggen. Heilt opp til vår tid har jordbruket brukt kiper til transport av varer. Når ein skulle bere heim fiskefangsten tok ein ofte og la frisk torvmose lagvis i kipa. Torvmosen inneheld eit svakt bakteriedrepande stoff som gjer at matvarar held seg friske lenge.  Kipa var god å ha i dei bratte skråningane på vestlandet.   Den var brukt til å bere høy, potet, eple, ved og husdyrgjødsel m.m. Langs kysten var også tang mykje  brukt til gjødsel og for. Då var kipa ofte brukt til å hente tangen frå tangvollane. I boka »Gamle ferdselsvegar frå Eidsvåg over Hardangervidda» av Per Bremnes står det: «Nesten all jord og grus måtte berast fram i kiper over Normannsleipa». Kipa var og brukt inne i huset til oppbevaring av mat eller kle .

Kipa har trebotn med hol til å feste spiler i. Spilane er flate. Kipa skal vere vidare oppe enn nede. Flettinga går i spiral. Kipa kan ha handtak eller anna forsterking som er festa til spilane td skinnreimer eller tau for å kunne bere på ryggen.

Material til kipe med handtak:

Botn er laga av furu  ca 1,5 cm tjukk, 20 x 30 cm. Kvistfri furu vert nytta til spiler. Material må vere tørt. Ein kan og nytta anna material.

  • 4 firkanta hjørnespiler ca 1.5 cm i diameter, 32 cm lang.
  • 4 spiler til kvar kortside er ca  8 mm tjukk og 2 cm brei, 32 cm lange.
  • 8 spiler der handtaket skal festas er ca 2,5 cm breie og 8 mm tjukk, 34 cm lange
  • 5 spiler  mellom handtakfeste skal vere ca 1,2 cm brei og 8 mm tjukk, 32 cm lange.

NB! Eine langsida har 2 spiler til handtakfeste + 3 smale spiler mellom + 2 spiler til handtakfeste. Andre sida har berre 2 spiler mellom  spilene til handtakfeste. Dette er for å kome rett ut med flettinga.

Til flettemateriell kan ein bruke  rå, fingertjukk søyleeiner, hassel, eller selje. Flettemateriell kan med fordel hentast i låglandet helst på våren. Finn lange, rette, kvistfrie greinar. Dersom flettemateriell ikkje skal nyttast med ein gong, kan det oppbevarast nokre dagar i eit fuktig klede.

Tæger (røter) av bjørk kan nyttast til  avslutning for å låse øvste fletterunden. Tæger kan sankast frå mai til ut på hausten, Dei beste stadene å finne tæger er i myrlent terreng, helst mager jord. Bjørk som veks i sandjord gir og fine tæger. Det same gjeld bjørk som veks i nærleiken av rotne trestammar. Tæger må gjerast rein straks de er tatt opp av jorda og vindas saman i ring. Dei må leggjast  i vatn før dei skal nyttast.  Ein kan og låse flettverket ved å sette små trepluggar inn i annankvar spile.

Til handtak kan ein nytta ymse slag treverk.

Oppstart arbeid:

Sag av litt på kvart hjørne av botn og puss den med sandpapir. Merk av hol i kvart hjørne ca 1 cm inn på botn og del mellomromma som er att med ca 3 cm mellom til resten av spilene. Bor hol med litt helling ca 100 gr. (6 mm bor).  Spikk enden på spilene slik at dei passar i hola og lim dei fast. Pass på at dei har lik helling. Dersom dei sprikar for mykje , kan ein leggje ei fjøl på kvar side av spilene og sette på ei tvinge. Spilene må spikkast og pussast slik at dei blir avrunda i kantane før dei vert limt fast. Er holet for stort, kan ein bruke kile. Ein kan ikkje starte fletting før limet har tørka. Bør stå over natta.

Kløyving av emne og fletting:

Legg ein striesekk eller aller helst eit skinn over knea slik at ein ikkje skadar seg med kniven. Flettegreinene  deler ein ved å sette kniveggen mot endestykket og sprekke opp. Resten gjer ein med handmakt. (Sjå bilde). Del først i 2, deretter kan ein dele dei to delane ein gong til. Spikk kvart emne tynt (ca 2mm) og slett, litt tynnare i kvar ende. Hald kniven i ro og dra emne over kneet og press kniven mot det. Bruk helst kniv med tynt blad (tapetkniv).   Litt uvant spikking, men går fint  etter litt øving.  Flett rundt etter kvart elles tørkar emne og sprekk opp. Overlapp  over minst 2 spiler for kvart nytt emne. Når ein er ferdig med flettinga festar ein handtaka.  Bor hol i handtaka for å feste dei  til dei 4 breiast spilane på kvar side og lim det på.

Skru fast 2  spiler ca 1,5 x 1,5 cm tjukk ca 18 cm lang under kipa til fot.



0