Under Dyrsku’n delast det kvart år ut prisar og diplom til handverkarar som har utmerka seg i den nasjonale tevlinga for husflid, handverk og design. I år var det nesten 200 innleverte arbeid som vart juryert, og alle vart stilt ut i Husflidsutstillinga under arrangementet. 

Diplom for godt handverk 2025

Norges Husflidslag deler kvart år ut diplom til handverkarar som utmerkar seg. Det vert lagt vekt på at produktet oppfyller minst to av følgjande kriteriar:

  • Produktet skal vera ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar.
  • Kreativitet og nytenking skal lønast.
  • Produktet skal vise fagkunnskap.

I årets tevling ynskjer Norges Husflidslag å rette merksemda mot to utøvarar som utmerkar seg med godt handverk.

 

Marianne Monrad for rekonstruert raudtrøyeklede i tre draktdelar

På grundig og leikent vis har Marianne Monrad rekonstruert tre draktdeler til raudtrøyeklede frå Aust-Telemark frå kring 1850. Monrad meistrar eit vidt spekter av teknikkar, tek mange kloke val og har eit skarpt blikk for detaljar som krevst i utføringa. Resultatet vert ei svært vakker drakt, som vil fargelegge vår samtid og framtid.

Foto: Anne Lise Surtevju, Vest-Telemark Museum

Bjarne Nielsen for vase i keramikk

Bjarne Nielsen imponerer med sin særeigne vase i keramikk, som består av ein tilfredsstillande kombinasjon av handdreiing og modellering. Verket er avansert i utføring og vitnar om ein keramikar med solid fagleg bakgrunn og rikhaldig erfaring innan handverket. Vasen begeistrar i heile sitt uttrykk i alt frå glasurval til komposisjon.

Foto: Anne Lise Surtevju, Vest-Telemark Museum

Stimuleringsprisen 2025

Elena Skokova for rekonstruert knipling frå 1700-talet.

Stimuleringsprisen vert delt ut til ein handverkar som utmerkar seg med særs godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid. Prisen er på kr. 5000,- og eit diplom gjeve av Dyrsku’n.

I år går prisen til ei som sidan 2023 har gått svært grundig til verks for å rekonstruere ein type knipling frå 1700-talet. Teknikken er såpass sjeldan at det ikkje finst eit etablert fagomgrep for det på norsk i dag. Den omfattande utforskingsprosessen har resultert i eit handverksmessig velutført kniplingsarbeid med gjennomtenkte materialval som antakeleg ligg tett opp mot originalverket. Kniplearbeidet med stråperler fascinerer, engasjerer og bles inspirerande liv i ein lenge sovande teknikk og uttrykk.

Dyrsku’n ser det som viktig å verdsette handverkarar som arbeider innanfor smale felt og å vise desse teknikkane for publikum. Vi heiar på Skokova og gler oss til å fylje ho framover.

Foto: Anne Lise Surtevju, Vest-Telemark Museum