Raudlista: Svelgen og omegn Husflidslag har arbeidd med pjoning som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Pulsvantar laga av Gunvor Holm i alpakkaull.

Pjoning er ei gamal form for hekling der ein nyttar berre kjedemaskar. Teknikken stammar truleg frå sørlege breiddegrader. Eit anna namn for pjoning er Bosnisk hekling. I Norge er det funne pjona plagg tilbake til starten av 1800-tallet. Det er også funne pjonekrokar laga av messing, sølv og jern her til lands.

Her i Svelgen vart teknikken ofte nytta til fiskarvottar, gjerne med to tomlar, slik at ein kunne snu votten og bruke den på begge sider etterkvart som den vart sliten. Pjoning var veldig godt eigna til fiskarvottar, sidan votten vart svært kompakt, slitesterk og varm etter toving. På innsida vart vottane gjerne børsta forsiktig med ei karde, slik at dei vart mjukare. Vi kjenner også til at pjoneteknikken vart nytta til sokkar og huer her i Svelgen.

I eldre tider gjaldt det å nytte tida godt. Kvinnene tok ofte med seg pjonearbeidet når dei gjekk på sætra eller ved andre ærend. Det var enklare å halde på med pjoning enn strikking ved slike høve. Arbeidet som kvinnene gjorde tidlegare med å lage pjona fiskarvottar, høyrer no til den skjulte kvinnehistoria. Dei teknikkane som vart vidareførde til nye generasjonar, var gjerne tilverking av stasplagg. Tilverking av kvardags[1]plagg har det ikkje vore noko særleg fokus på å vidareføre, då det vart sett på som ei sjølvfølgje at folk kunne dette. I bygda vår hadde ikkje fiskarane greidd seg utan fiskarvotten. Vi i Svelgen og omegn Husflidslag har ikkje lukkast med å finne eldre kvinner i nærområdet som framleis nyttar seg av pjoneteknikken til kvardagsplagg som vottar, hue og sokkar. Difor har vi valt å jobbe med pjoning som ein Raudlista handverksteknikk.

Svelgen og omegn Husflidslag har invitert til to temakveldar der pjoning var tema. Vi fekk ei kreativ og dyktig dame til å demonstrere og lære oss grunnteknikkane. Det var godt frammøte på temakveldane både av medlemer og ikkje-medlemer. Interessa for å lære pjoneteknikken var stor, og dei frammøtte gjekk heim ivrige etter å fortsetje arbeidet.

Utstyr for å drive med pjoning: Grov heklekrok eller pjonekrok + passande ulltråd.

Framgangsmåte:

Ein kan pjone rundt eller fram og tilbake. Start med å legge opp ønska tal luftmaskar. Variasjon i mønsteret får du ved å pjone i bakarste eller fremste maskeledd. Dersom du pjonar i bakre maskeledd, blir det vassrette striper. Det blei ofte nytta som vrangbord på fiskarvottane sidan ein slik kant ikkje rullar seg. Dersom du pjonar i fremre maskeledd, blei det eit tett og fint mønster som forskyv seg mot høgre. Sjølve votten vart pjona i fremre maskeledd då det gav det tettaste og sterkaste resultatet.

  1. Handarbeidspose laga av Elin Gjerde i bomullsgarn.
  2. Opplegg av luftmasker sett saman i ring.
  3. Pjoning i bakre ledd (vrangbord).
  4. Pjonekrok i eine, laga av Lars Olav Rylandsholm.
  5. Pjonekrok i messing og kirsebær.

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Svelgen og omegn Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.