Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
5. mai 2025|
Opplæring|Organisasjon|Siste nytt|Ung Husflid|Ungdom|
Kvar vår er det tradisjon for at Ung Husflid-instruktørar frå heile Midt-Norge samlast for inspirasjon og påfyll av kunnskap. Siste helga i april var det igjen tid for instruktørkurs, denne gongen med Trøndelag Nord som vertskap på Stiklestad.
Foto: Kristin Myrmel/VOFO.
Arrangementet består av både praktiske kurs der deltakarane lærer eit handverk, og teorisamlingar med husflid for barn, unge og unge vaksne som tema. Ikkje minst er det ein viktig arena for UH-instruktørane å treffast og utveksle tips og erfaringar, på tvers av regionar.
Fire kurs
Denne gongen var det fire praktiske kurs å velje mellom. Hos kurslærar Ann Tove Rønning fekk deltakarane lære fletteteknikken som blir brukt til hoseband, men her var produktet eit kortare band som kunne brukast til dømes som nøkkelring. Deltakarane fekk og lære seg å bruke ei y-grein som stativ for flettinga, etter samisk tradisjon.
Husflidskonsulent i Sør-Trøndelag, Eini Wahl, instruerte i korleis ein kan sy ei lita veske, også kalla marsma, for å oppbevare sysaker og anna ein treng for å reparere kleda sine. Desse kan gjerne lagast av restestoff frå for eksempel bunadsproduksjon.
Konsulent i verts-regionen, Kari Westergaard, lærte sine deltakarar broderi på stramei, ein teknikk som blir brukt både til belter, bukseselar og bringedukar til bunadane våre.
Siste kurs hadde floss som tema, ein dekorteknikk som finns på mange bunadsluer. Dei ulike draktområda i Midt-Noreg har kvar sin variant av denne dekoren, anten strikka eller sydd fast i strikkeplagget. Under kurset vart flossen brukt på mindre plagg, som pulsvarmarar, som kan egne seg i Ung Husflid-samanheng. Her var husflidskonsulent i Møre og Romsdal Helene Henriksen lærar.
1. Hosebandfletting. 2. Ulike stoff å velje i til syveske. 3. Strameibroderi. 4. Floss i mange variantar.
Regionlaget hadde vald «Bunad» som overordna tema for arrangementet, i tråd med Norges Husflidslag sitt nye satsingsområde. Difor kunne alle kursa knyttast opp mot dette temaet. Noko av tanken var å vise at ein ikkje treng å sy ein heil bunad på eit bunadkurs, men at ein kan velje ut detaljar og småteknikkar, og at desse så kan tilpassast ei yngre aldersgruppe og anna ferdigheitsnivå.
Delte erfaringar
Forutan dei praktiske kursa fekk deltakarane også nyttig informasjon om Ung Husflid-arbeidet i Norges Husflidslag, samt eit innlegg med mange nyttige tips og tankevekkarar for instruktørar. Arrangørane hadde og vald ut eit lokallag frå kvar region som fekk presentere sitt arbeid, til inspirasjon for dei andre.
Byåsen Husflidslag har i mange år hatt cosplay-kurs, eit tema som var nytt for mange i salen. Helle Dising fortalde om kursa, som er blitt eit populært tilbod for ungdom i øvre aldersgruppe av Ung Husflid-segmentet. Gunnhild Rikstad presenterte Verdal Husflidslag sine aktivitetar for ei litt yngre aldersgruppe. Kari Kristin Folden frå Tingvoll Husflidslag fortalte om korleis hennar husflidslag har lukkast med aktivitetar gjennom samarbeid med andre, og ikkje minst om korleis dei brukar mangfaldsplakaten aktivt i styrearbeidet.
Etter helga reiste rundt 35 husflidsfolk tilbake til sine lokallag med ny kunnskap og inspirasjon for å bringe endå meir husflid ut til barn og unge. I 2026 er det 20 år sidan Ung Husflid-samarbeidet i Midt-Noreg tok til, og då er Møre og Romsdal vertskap for Midt-Norsk Ung Husflid instruktørkurs.
Arrangementet er støtta av vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon. Les Voksenopplæringsforbundet sin artikkel fra helga.
Til butikken
Din handlekurv er tom.