Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
17. jun 2026|
Tekst: William M. A. Riedlinger|
Foto: William M. A. Riedlinger|
Modell: William M. A. Riedlinger|
Oppskrifter|Vev|
Vev eit vakkert åkle med rike tradisjonar og røter djupt forankra i vår tekstile kulturarv.
NIVÅ: Oppskrifta passar for deg som har ein del veverfaring, og kan å tolke ei vevoppskrift. Nivå 5 på ein skala frå 1 til 5, der 5 er mest krevjande.
LAST NED: Om du vil, kan du klikke her for å opne oppskrifta i PDF-format. Den kan lastast ned og printast ut på papir. Obs: Oppskrifta er til privat bruk og skal ikkje delast i sosiale medium eller brukast til kommersielle føremål.
Les meir om bakgrunnen for dette mønsteret i denne artikkelen.
William Riedlinger (28) er husflidskonsulent i Norges Husflidslag si fagavdeling. Han har mastergrad i tradisjonskunst, og underviser i vev ved Raulandsakademiet.
Teknikk: Enkel skilbragd
Skeibreidd: 84,6 cm
Renneliste: 846 trådar
Innslag per cm: 6 mønsterinnslag + 6 botninnslag
Hovlingsliste
Skal ein veve med retta opp, bruk fylgjande kopleskjema:
Skal ein veve med vranga opp for å kunne ha smetta parti, bruk fylgjande kopleskjema:
Veving
Start med 10 cm i toskaft for å ha nok til løpegang for oppheng.
Sett på frynsetrådar i matterenning 2 cm frå kvar kant for å lage frynser. Tyng ned med lodd, til dømes syltetøyglas fylt med vatn.
Nokre tips: Bruk høgre fot til toskafts-trøene, og venstre fot til mønster. Slå alltid mønsterinnslaget fyrst, så botninnslag. Når du trør ned botninnslag, trø ned den trøa på den sida skyttelen skal til (eller motsett, men lag deg ein regel, og fylg den heile livet)