Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
1. jun 2026|
Tekst: William Riedlinger|
Foto: Louisa Bond, William Riedlinger|
Modell: William Riedlinger|
Oppskrifter|Snorer og bånd|
Vis solidaritet og samhald samstundes som du lærer deg noko nytt med dette bandet i ripsplukk.
NIVÅ: Oppskrifta passar for deg som har prøvd grindvev før, men vil utforske plukkmønster. Nivå 4 på ein skala frå 1 til 5, der 5 er mest krevjande.
LAST NED: Om du vil, kan du klikke her for å opne oppskrifta i PDF-format. Den kan lastast ned og printast ut på papir. Obs: Oppskrifta er til privat bruk og skal ikkje delast i sosiale medium eller brukast til kommersielle føremål.
Parband eller muddband er brukt av lasskøyarane på Rørosmartna’n for å halde dei tunge pelskåpene sine på plass vinterstid. Me kan setje inn nye fargar i denne gamle teknikken for å vise kjærleikens kraft.
William Riedlinger (28) er husflidskonsulent i Norges Husflidslag si fagavdeling. Han brenn for husflid, veving og mangfald.
Før du kan starte å veve, må du lage renning og træ grindveven.
Lag renninga mellom to tvinger plassert slik at avstanden er lik ønska lengde på renninga (bandlengde + 1 m). Om du ikkje har tvinger, kan du bruke stolbein. Snu to stolar opp ned på eit bord og trekk opp renninga mellom stolbeina. Lag ei løkke på den eine trådenden og trekk opp trådane mellom tvingene i rett rekkefølgje.
Følg renneskjemaet over og renn 27 kvite trådar i bomull, og fire av kvar av dei seks fargane i ulltråd, til saman 51 trådar. Avslutt med same type løkke.
I den eine enden av renninga skal du knyte ein tråd rundt kvar del og knyte ein tråd for å samle heile renninga. Dette blir slutten på renninga. Ta renninga av tvinga eller stolbeinet på motsett side, ta opp løkkene og klipp slik at alle trådane har om lag same lengde. Dette blir starten på renninga som skal træast i grindveven. Med lang renning er det lurt å «hekle» den ned for å for å unngå flokar. Bruk fingrane til å hekle lause luftmasker, og la det vere igjen om lag 1 m. Fletta løyser du opp før du set i gong med vevinga.
Legg renningstrådane flatt mellom to tunge bøker på bordkanten. Plasser grindveven under bøkene med rett side ned. Toppen av grindveven skal peike mot deg. Hol og spalter er frie, klare til å træast. Træ grindveven. Begynn frå midten og træ trådane gjennom spalter og hol etter renneskjemaet. Træ ulltrådane i hol og bomullstrådane i spalter. Dei to ytste bomullstrådane blir trædd i hol.
Ein «renningslasso» gjer det enklare å træ. Lag ein sjølv av bomulls- eller lintråd: Knyt ei løkke og klipp av den eine trådstumpen.
Når alle trådane er trædd, samlar du endane i ein laus knute.
Vel eit fast punkt, til dømes ei vindushaspe eller eit dørhandtak, og bruk tauet til å knyte renninga fast. Vel eit punkt som er i augehøgde når du sit, slik at du får ei god arbeidsstilling. Grei renninga med grindveven for å løyse opp flokar. Ha veven i arbeidsposisjon ein halv meter frå deg og stram renninga. Løys opp knuten i starten av renninga og jamn ut spenninga ved å dra lett i renningstrådane slik at alle trådane er like stramme. Slå ein ny knute på starten av renninga. Vikle innslagstråden på skyttelen. Her brukar vi bomullsgarnet til innslag. Begynn med ei løkke og surr tråden på. No er du klar til å veve.
Begynn og avslutt med 2 cm lerretsbinding utan mønster. Første innslag: Start med skyttelen på høgre side. Dytt grindveven ned og før skyttelen gjennom skiljet. La det være igjen 20 cm tråd på høgre side. Andre innslag: Bytt skilje ved å løfte grindveven opp. Før skyttelen gjennom frå venstre mot høgre og legg trådstumpen gjennom dette skiljet frå høgre mot venstre. Stram innslagstråden frå begge endar for å låse. Bytt skilje. Bruk skyttelen til å slå til og dytte mot deg, og før skyttelen gjennom skiljet. La det henge igjen ei lita løkke på innslagstråden. Fortsett slik: Bytt skilje. Slå til med skyttelen. Stram løkka frå førre innslag og før skyttelen gjennom. Vev til du har 2 cm lerretsbinding.
No startar plukkmønsteret. Mønsterdiagrammet viser fire alternative motiv. Vel eit, eller varier ved å bruke fleire slik du ønskjer gjennom bandet.
Følg mønsteret i diagrammet. På første innslag med mønster løftar du grindveven opp og skyttelen går frå venstre mot høgre. På dette innslaget er alle dei farga ulltrådane heva, og du treng ikkje å plukke. På neste innslag senkar du grindveven og skyttelen går fra høgre mot venstre. No er det berre kvite bomullstrådar som er heva, og du må plukke opp dei farga ulltrådane som er merka i skjemaet. Du plukkar alltid to trådar i lag, altså eit par. (Kvar rute i mønsterskjemaet representerer altså to trådar – eit par.) Det er denne parvise plukkinga som gjev teknikken sitt namn: parband.
For å avslutte vev du 2 cm lerretsbinding igjen. Klipp av innslagstråden, men la det vere igjen ein ende på 20 cm. Træ tråden på ei nål, stikk nåla gjennom nestsiste innslag og klipp av tett på bandet. Band vil halde denne trådstumpen fast, så du treng ikkje knute.
Det er mange typar avslutningar ein kan bruke på eit slikt band, men den eg likar ser du her. Legg bandet på bordet og tyng det ned med ei tung bok eller liknande. Fyll på dusken ved å sy inn fleire lengder med farga ullgarn, vær nøye med å få fargane på same plass som stripene i bandet. Sy rundt eit spelekort/visittkort/bankkort. Klipp opp dusken. Sy over dusken med bomullstråden 5-10 mm nedanfor linja der dusken er sydd i, bruk kjedesting.