Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
6. okt 2026|
Tekst: Evelyn Utigard|
Foto: Arild Larsen|
Passer for barn og unge|Spikking og tresløyd|
Dette er eit finsk selskapsspel inspirert av det eldgamle kastespelet “kyykka”. Finsk kubb består av 12 kjegler og ein litt tynnare kastepinne. Ein kan spele individuelt eller på lag. Kvart år blir det arrangert verdsmeisterskap i dette morosame hagespelet.
NIVÅ: Oppskrifta passar for nybyrjarar. Nivå 1 på ein skala frå 1 til 5, der 5 er mest krevjande.
LAST NED: Her finn du oppskrifta i PDF-format. Den kan lastast ned og skrivast ut på papir. Obs: Oppskrifta er til privat bruk og skal ikkje delast i sosiale medium eller brukast til kommersielle føremål.
Start gjerne med ein tur i skogen og test kunnskapen om kva slags trær ein kan finne. Finn eit rettvakse og kvistfritt ungtre (gjerne selje, rogn, osp eller hassel).
Sag til tolv «kjegler» med om lag 15 cm lengde. Eine enden bør vere rett medan den andre skal ha ein skrå vinkel. Her skriv du nummera ein til tolv. Obs! Brukar du ferskt virke vil dette sprekke. Du kan bruke ein saktetørka stokk. Så lenge kjeglene kan stå, vil dei vere funksjonelle.
Du treng også ein kastepinne. Denne kan vere litt tynnare og om lag 20 cm i lengde.
Sett opp kjeglene i posisjonen som illustrasjonen viser:
Del opp i to eller fleire lag. Ein kan og spele individuelt. Marker ein strek eller lag eit merke der ein kastar frå, for eksempel 3-4 meter unna. Dersom både born og vaksne spelar i lag kan ein lage eit borne- og eit vaksenmerke, slik at spelet blir meir rettferdig.
Spelarane vel ut ein fyrstekastar som skal kaste fyrste kast for å for spreie kjeglene. Kvar gong ei kjegle veltar gjennom spelet skal desse setjast opp att der den landa etter kastet.
Det er to måtar å skåre poeng på:
Dersom ei kjegle lener seg på ei anna tel den ikkje som ei velta kjegle.
Målet med spelet er å oppnå nøyaktig 50 poeng. Dersom ein i avgjerande kast får eit eller fleire poeng over, rykker laget tilbake til 25 poeng.
Lukke til!