Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. nov 2025|
Rødlista|
Slik trua artar i plante- og dyreverda står i fare for å døy ut, er også mykje handverkskunnskap og mange teknikkar innan tradisjonshandverk i ferd med å forsvinne og bli gløymt. Her finn du svar på ein del vanlege spørsmål om Norges Husflidslags Raudliste.
Kva er ein raudlisteteknikk?
Ein raudlisteteknikk er ein handverksteknikk, gjerne med lokalt særpreg, som har få eller ingen utøvarar og som står i fare for å bli gløymt eller ikkje vidareført til neste generasjon.
Kva er raudlistekunnskap?
Sjølve teknikken er gjerne berre eine delen av eit raudlistearbeid. I tillegg har vi informasjon om kven som utøvde den, korleis og når den blei brukt, materialer, reiskap, historikk og meir. Alt dette er verdifull informasjon som bør vidareførast i lag med sjølve teknikken.
Kven har bestemt kva som skal stå på raudlista?
Raudlista er ein landsomfattande dugnad for å samle inn, dokumentere og vidareføre den sårbare handverkskunnskapen. Norges Husflidslags raudliste blir laga av våre lokal- og regionlag. Laga vel sjølv kva dei skal jobbe med.
Til motsetning frå raudlistene over trua dyr og plantar er altså vår raudliste ingen komplett oversikt over all trua handverkskunnskap. Den er ei oversikt over kva lokallaga har arbeidd med. Til skilnad frå biologiens lister håper vi at vår raudliste berre blir meir og meir innhaldsrik!
Kvifor står ikkje «min» teknikk på raudlista når nesten ingen kan dette lenger?
Det er fordi ingen lokallag har hatt dette som sitt raudlistearbeid. Snakk med ditt lokallag og bidra i raudlistedugnaden!
Kan vi velje ein raudlisteteknikk som andre lag allereie har levert inn?
Ja!
Jo fleire, jo betre! Kanskje er det lokale variasjonar i måten denne teknikken er blitt utført. Kanskje har laga vald ulike framgangsmåtar med dette arbeidet. Til meir variasjon vi får i det innleverte materialet, til fleire kan vi nå ut til. Kanskje kan de også ta kontakt med andre lag som jobbar med same tema i ulike landsdelar, og inngå samarbeid og erfaringsutveksling.
Kven skal godkjenne mitt lags raudlistearbeid?
Ingen, laget vel sjølv kor lang eller kort dokumentasjonen skal vere. Men vi hjelper gjerne til med rådgjeving undervegs om det trengs!
Må vi skrive bok?
Nei. Fleire lokallag har gitt ut fine bøker eller hefter om sine prosjekt, men det er sjølvsagt ikkje noko krav. Ein dokumentasjon kan innehalde kort eller lang tekst, eit eller fleire bilde, film, lydfiler eller vedlegg i form av til dømes pdf. Vel det som passar for ditt lag. Dugnaden må tilpassast kompetanse og kapasitet i laget.
Om de likevel vel å gi ut bok vil vi gjerne lese den 🙂
Kan vi velje ein teknikk som ikkje har ei lokal historie hos oss?
Ja, all formidling av desse sjeldne teknikkane er verdifult og bidrar til at dei har betre vilkår for å overleve! Men vi reknar det som ein ekstra pluss dersom det i tillegg er eit tema med lokal forankring.
Eg er ikkje medlem i eit husflidslag, kan eg bidra med eit raudlisteprosjekt?
Vår raudliste inneheld arbeid innlevert av våre lokal- og regionlag. Om du har ein kjempegod idé til eit raudlistearbeid anbefaler vi å ta kontakt med eit husflidslag nær deg, og selge inn idéen. Kanskje kan de få til eit samarbeid. Eller endå betre – bli medlem for å kunne påverke kva lokallaget arbeider med.
Hjelp, vårt lokallag hadde eit raudlisteprosjekt opplista, men det står der ikkje lenger!
Vi har tatt ei opprydding i lista, og fjerna alle som ikkje har innlevert dokumentasjon. Det er ingen grunn til panikk, vi veit kva som stod oppført der, og kva de har jobba med. Når de har levert inn dokumentasjon på dykkar raudlisteprosjekt kjem resultatet på plass. Slik kan vi halde lista meir interessant for publikum.
Har du endå fleire spørsmål? Ta kontakt med:
Helene Henriksen 922 35 204 helene@husflid.no William Riedlinger 405 94 281 william@husflid.no
Til butikken
Din handlekurv er tom.