Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
11. nov 2025|
Rødlista|
Raudlista er ein landsomfattande dugnad for å samle inn, dokumentere og vidareføre handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Det siste året har fleire lokallag levert sine dokumentasjonar til lista, som no tel over 100 prosjekt.
Folgefonn Husflidslag har vald sjonaleistar som sitt raudlisteprosjekt.
På same måte som at trua artar i naturen kring oss står i fare for å døy ut, er det også mykje kunnskap innan tradisjonshandverk som treng hjelp for å overleve, slik at teknikkar ikkje forsvinn og blir gløymde. Raudlista er vårt tiltak for å sikre at dei komande generasjonane kan få tilgang på denne kulturarven. Lokallaga i Norges Husflidslag er heilt sentrale i denne jobben.
Fleire nye raudlisteprosjekt Folgefonn Husflidslag har vald sjonaleistar som sitt raudlisteprosjekt. Sjonaleisten er ein del av drakttradisjonen frå Hardanger og Voss. Den fargerike ankelsokken er strikka på tynne pinnar, med ein mangefarga mønsterbord i tett tvebandstrikk øvst. Gjennom to instruksjonsvideoar viser dei korleis tveband-kanten blir strikka, basert på gamle plagg.
Nøtterøy Husflidslag har fordjupa seg i vevteknikkane Ringvend og Korndreiel. Dette er ulike kypertavartar, som lokallaget har dokumentert med bilde av det ferdige stoffet. Laget har opplevd at veving i ei periode har vore lite etterspurt, men i seinare tid har tatt seg opp. – Å arbeide med raudlisteprosjektet har vore lærerikt, utfordrande og kreativt, skriv dei.
Mandal Husflidslag har vald rosetepper som sitt prosjekt. Desse er vevde teppe inspirert av broderimønster frå 1800-talet, som vevarane i området gjorde om til mønster for rutevev. På kurs i lokallaget har deltakarane vevd små mini-rosetepper på vevramme.
Flesbergvanten er ein del av den lokale draktskikken i Numedal. Dei hekla vantane har ei spesiell utforming, og ikkje minst ein imponerande fargeprakt. Kongsberg Husflidslag håper at fleire kan bli inspirerte til å ta dette plagget i bruk i framtida.
Tromsø Husflidslag har også fordjupa seg i handplagg. Her er det ein vott med diamantmønster frå Tromsø museum som fenga interessa. Laget har utforska rutemønsteret si vandring, og malangsvotten si historie. Det har resultert i både ein raudlisteartikkel og materialpakkar med oppskrift for dei som vil kopiere votten.
Bli med på dugnaden! Takka være innsatsen frå desse og rundt 100 andre lokallag kan du gjennom vår oversikt oppleve sjeldne handverksteknikkar frå heile landet. Vi ønskjer oss stadig fleire dokumentasjonar. Vil ditt lag ta del i dugnaden, og sørgje for at fleire får lære det få kan?
Les korleis du kan bidra her.
Til butikken
Din handlekurv er tom.