Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Korleis skal kunnskapen om håndverket leve vidare i framtida? Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film.

Våren 2016 fikk Norges Husflidslag og Høgskulen i Søraust-Noreg økonomisk støtte frå Oslofjordfondet til å lage eit forskningsprosjekt om Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk. Telemarksforsking var ein initiativtakar til prosjektet og hovedmålet med arbeidet var å utvikle ein modell for å ivareta håndverk som står i fare for å døy ut. Montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne er valt som case. Norges Husflidslag blei i 2014 ratifisert som ein NGO (Non-governmental organisation) av UNESCO og det er i denne sammenheng me tok til med dette arbeidet.

Les meir om Norges Husflidslag som NGO her. Arbeidsprosessen med montering er dokumentert på film i over 20 timar. Filmane og bileta syner tradisjonsbærar Åse Bratland i Edland (Vinje kommune) som lærer kunnskapen sin vidare til ei yngre jente i bygda, Signe Rui. Me har og intervjua tradisjonsbærar, elev, kundar og næringsutøvarar i faget.

Prosjektet er presentert/lansert på Kulturrådets portal immateriellkulturarv.no der ein kan sjå filmar og bilete.

Rapporten kan lastast ned her:

Immateriell kulturarv og tradisjonshandverk. Rapport.

Formidling av kunnskap om gamle liv i Vest-Telemarktradisjon fra tradisjonsutøvar Åse Bratland til elev Signe Rui. Liva er fra samlinga til Høgskulen i Søraust-Noreg, Rauland. Filmen er ein del av ein dokumentasjon i forskningsprosjektet «Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk» 2017.