Raudlista: Aurland Husflidslag har arbeidd med nupereller som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.

Å slå nupereller var ei ferdigheit, eit knytearbeid med fin tråd som kom på moten på 1800-talet. Sjølve teknikken vert utført med ein liten skyttel som tråden er vikla opp på, og dreier seg om å knytte knutar i bogar og sirklar – og så hekle desse saman i nydelege, luftige komposisjonar.

Teknikken har først og fremst vore brukt til blondar og andre gjennombrotne arbeid.

Å slå nupereller vil sei å knyte ei blonde av ein enkelt tråd, difor må tråden vera svært lang. For at ein skal kunne arbeide lett og utan at tråden skal floke seg, vert tråden vikla på ein spole som vert sett på ein skyttel. Skyttelen er slik konstruert at tråden ikkje utan vidare kan spolast av.

I gamle dagar vart det brukt skytlar av messing, sølv eller elfenbein. Dei var ofte dekorert. I vår tid vert dei laga av plast.

Nupereller er bygd opp av bogar, ringar og knutar.

Historie:

I 1938 – 48 kom det ny prest til Aurland og prestefrua Tordis Rud jord starta ei presteforeining (kvinneforeining). Damene frå småbygdene i heile kommunen kledde seg i sin finaste stas og gjekk på foreining frå kl. 13 til 16.

Prestefrua var veldig flink i mange ulike handarbeid. Ho lærde bygdefolket mykje på desse åra ho var her. Etter at «mødrene» var ferdige med foreininga si, hadde ho foreining med borna.

Ingeborg Lunde var lita jente på den tida, og ho hugsa godt at ho fekk gå i foreining med prestefrua. Ho lærde då å slå nupereller. Dei laga mykje nupereller, kantar rundt lommedukar og små brikker. Seinare, etter at ho fekk born sjølv, laga ho fine nuperelleborder på babyskjorter. Ho minnest også at faster hennar hadde nuperellekant på kragen og på mansjettane på den grøne bunadskjorta til sognebunaden. Det vert også laga nuperellekant på bunadskjorter til born.

Så vidt eg veit er det no kun 2-3 stk. som kan slå nupereller i Aurland.

Anbefalte bøker:

Dei fleste bøker kan bestillast på bokhandelen .

  • Blomqvist og Persson: Nupereller ISBN 82-529-0466-1
  • Inga Madsen: Orkerede dyr ISBN 87-7847-063-3
  • Lene Bjørn: Orkerede kors ISBN 87-7847-061-7
  • Herborg Wahl: Den lille nuperelle
  • Darlene Polachic: Big Book of Tatting ISBN 7-49075-20465-3 (?)
  • Kristine Nikolajsen og Inge Lise Nikolajsen: Orkis ISBN 87-7490-323-3
  • Greie forklaringar og oppskrifter på border, brikker og div.
  • Yusai Shokoin: A new approach to Tatting ISBN 4-277-26126-4C5077

Kilde: Livs nupereller.

 

Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon: Aurland Husflidslag

Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.