Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. okt 2024|
Rødlista|
Raudlista: Luster Husflidslag har arbeidd med neverfletting som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.
Til neverfletting brukar vi nerv av bjørk. Bjørka er eit utru/eg tre. Det er ikkje måte på kva dei i eldre tider kunne få ut av bjørka.
I eldre tider var det nok nokon i kvar grend som meistra neverfletting – og det var bruksting. Alle hadde med seg kniv i skogen , så når dei kom over ei bærtubbe og ikkje hadde noko å ha det i, så flekte dei seg eit stykke med never, folda den samen i endane og batt den med ei vidje , som og var tvinna av eit rotskot av bjørk. Men det var fletta korger og buttar og dei var nok meir stabile. Etter kvart har det korne andre materiale – og neverflettinga har nesten døydd ut.
Her i kommunen har eg ikkje møtt nokon som kan dette utanom dei få som har lært det av meg. Neverfletting er tvillaust eit spennande materiale.
Til neverfletting er det, det ytterste laget på stammen vi skal bruke. Har du ikkje bjørkeskog sjølv må du passe på å spørje om løyve til åta hos nokon annan , treet blir ikkje øydelagd men den nerva som veks ut att blir ikkje så fin som den opphav lege.
Nerva må takast når det er sevje i treet om våren. Det er stor forskjell på finskapen på nerva. Det kan vere lange glatte stammar for utan eit merke. Andre er fulle av (sår) mønster etter insektstikk. Dei med mønster på eignar seg ikkje så godt å dra under dei rutene som er fletta , men mønstra er fin dekor på sveipa ting som boksar m.m.
Du treng berre ein skarp kniv til reiskap for å flekke nerv. Skjer ein vinkel i stammen, ein lang skor loddrett og ein kort vassrett. Er det ei mønster på stammen, så skjær der. Legg kniven i den loddrette skoren og løys opp, då delar nerva seg frå borken og du kan dra den av.
Lengda du får på flaket er tverrmålet på bjørka x 3. Den andre vegen bestemmer du sjølv.
Legg flaka på ei plate med sevjesida mot kvarandre og yttersidene mot kvarandre. Det er sevjesida som blir rettside. Legg så ei plate på fangsten så dei ikkje rullar seg saman. Bind alt saman med eit band. Legg nerva luftig og etter 2-4 dagar legg du flaka omatt så det blir luft mellom laga.
Nerva blir brukt til å lage nytteting av, i eldre dagar som til dømes sekk og korger til å frakte med seg ting. Dei laga mange slags bruksting som boksar til å ha mat i; ost og brød . Nerva inneheld eit stoff som heiter fenol in, og det er bakteriedrepande . Dette er ting vi ikkje tenkjer over i våre dagar. Vi lagar nytteting på ein annan måte; øskjer til å ha serviettar i, kaffifilteroppheng, nålepute, skål til nøtter, egg, brødfat, nisteboks eller pyntekorger.
Etter ei god veke kan du ta bort det ytste laget på flaka og førebu fletting. Nerva er i mange tynne lag, så no kan du dele frå så det blir passe tjukt. Bruk ei saks og klipp bort så du får eit flak som du kan legge på eit skjerebrett. Eg brukar det skjereutstyret som eg har til lappeteknikk, der har eg linjal med mål på så då blir det jamne strimlar.
Kunsten er liten , det er berre å flette ei ny strimle på tvers av den andre og det blir ruter. Når arbeidet er ferdig er det dobbelt, slik at den rette sida på nerva er både på utsida og innsida av arbeidet.
Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Kontaktinformasjon: Luster Husflidslag
Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.
Til butikken
Din handlekurv er tom.