Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
7. aug 2024|
Arrangement|Næring|
Send inn ditt bidrag til husflidstevlinga på Dyrsku’n, og bli del av den kuraterte Husflidsutstillinga 2024, 13.-15. september med mange tusen besøkande!
Tevlinga er den største i sitt slag i landet, og har vore ein del av Dyrsku’n i Seljord sidan 1960-talet. Husflid, handverk og design er viktige pilarar i arrangementet, og vi er stolte av å både kunne oppretthalde og vidareutvikle denne avdelinga på Dyrsku’n. Tevlinga vert i år arrangert for 60. gong.
Det vert tevla i kategoriane tekstil, tre, sylv, kniv, smiing og keramikk.
Tevlinga har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald. I tillegg ynskjer vi å bidra til ei auka rekruttering til dei estetiske faga. Det er oppretta eigne rekruttklasser som gjev elevar, studentar, lærlingar og andre som er i ein form for læresituasjon.
Frist for påmelding og innlevering av produkt er fredag 16.august.
Trykk på pila for å lese meir om Husflidstevlinga. Her finn du óg påmeldingsskjema med reglement og rettleiing for 2024.
Kven kan delta?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for deg som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Gode grunnar til å delta på tevlinga
Korleis føregår dømminga?
Etter innsendingsfristen i august, arrangerer vi dommardagar, der årets utvalde dommarpanel møtes og fyller ut eit poengskjema til kvart arbeid. Dommarane får som oftast ei avgrensa mengde tid til dømming av kvart arbeid. Dei høgaste poengsummane kan resultere i 1., 2. eller 3.premie. Arbeid som ligg uttafor premiering held som oftast høg kvalitet og er svært flotte, sjølv om dei før tilfellet ikkje når til topps til premie å gjelde.
Dommarane legg spesiell vekt på å vere gode rådgjevarar, og det vert stilt krav til å komme med konstruktive tilbakemeldingar på vurderingsskjemaet. Det er viktig at du som utøvar får relevante kommentarar på arbeidet for å forbetre handverket og/eller designet.
Kven er dommarar?
Dommarane kjem frå heile landet og kan vere variert samansett frå år til år. Vi er opptekne av å dekke eit vidt spenn av representative områder innan kvart fagfelt. Sidan kvart fagfelt rommar eit stort mangfald vil det til ein kvar tid vere områder som ikkje er like sterkt representerte. Vi oppmodar likevel alle marginale teknikkar til å delta.
Last ned årets brosjyre her: Husflidsbrosjyre 2024
Foto: Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum. Tevlingsbidrag frå 2023.
Ved spørsmål, ta kontakt med:
Dyrsku’n Arrangement AS Vilde Vosgraff | mobil 472 38 213 | vv@vtm.no Vest-Telemark Museum | Prosjektleiar Husflidsutstilling
Norges Husflidslag Evelyn Utigard | mobil 416 85 397| evelyn@husflid.no | Husflidskonsulent avd. Telemark
Følg oss gjerne på sosiale media:
Instagram @husflid_handverk_design_dyrsku facebookgruppa «Husflid, handverk og design på Dyrsku’n».
Til butikken
Din handlekurv er tom.