Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
1. okt 2024|
Rødlista|
Raudlista: Kjerringa Husflidslag har arbeidd med nålbinding som sin raudlisteteknikk, og hadde denne dokumentajsonen på trykk i heftet «Raudlista handverksteknikkar» frå 2015.
Når vi i skulen las om at kvinner hadde «bunding» der dei sat om kveldane, var det nok fleire som lurte på kva dei dreiv med. Vi var vane med at karfolka sat og batt garn, og det rytmiske rykket for kvar maske som var knytt, høyrdest godt utom husnova. Elles «batt dei inn» kuler, somme sa dei seisa kuler. Dei brukte spesielle nåler til dette. Kvinner i vår ungdom sat gjerne og spøta, det dei andre stader kalla strikka. Hos oss heitte reiskapane «spøte», andre stader sa dei «strikkepinnar». Men ingen av oss batt.
Bestemor, f. 1870, var handverkar i tillegg til alt det husmannskjerringar / småbønder skulle gjere. Ein dag stod ho med ei merkeleg nål og noko tråd og skulle lage «noko som verkeleg heldt» for no var hælane på sokkane rakna att. Kva det var ho skulle gjere, veit eg ikkje, eg hugsar berre den store nåla som ikkje høyrde heime korkje i vevstolen, syskrinet eller i spøtet.
Claus Frimann skriv i songen «Ved håndarbeidet»: «Så knytter jeg tråd. Så øver sig haanden i quindelig dåd. Ved haanden at hænge man bliver så trætt, ved hånden at bruge, gaar dagen så let».
Han hadde vokse opp i Selje, og hadde nok sett korleis dei arbeidde i dei små stovene. Dei knytta tråden. Det var ikkje rekna som kvinnfolkarbeid å binde garn, endå om vi nok trur at nokre gjorde det.
I utgravingar har dei funne tekstilar med uvanleg teknikk. Dette gjeld over alt der det har vore husdyrbruk, ser det ut for. I Norden har dei funne far etter denne teknikken frå bronsealderen. Frå vikingtida er funna frå eit stort område frå Aust-Noreg til Island og England (York), men det er funne plagg i slik teknikk over heile verda, Midtausten, Kina, Sør-Amerika t.d.
Hos oss i Noreg var det berre nokre få som beherska teknikken då dei tok til med å skrive opp og dokumentere den ca.1950-60 talet, men det gav innsamlarane nok å byggje på. Det har vore fleire teknikkar som har vore brukte, kanskje etter kva arbeidet skulle brukast til. Vi finn spor av spøting frå 1500talet, og frå 1700talet vart det vanleg og fortrengde etterkvart bindinga.
Etter utgravingane å dømme var det helst sokkar, vottar og huver som vart laga. Det vanlege er at ein bind rundt og rundt, og aukar eller feller etter behov. Dersom ein batt sokkar av ull der ein også hadde teke med dekkhåra, ville ein få eit nesten usliteleg resultat.
Det ein treng for å drive med nålebinding, er tråd, ei stor nål med eit godt auge og ein tommelfinger som kan bevegast. Tråden kan vere laga av ymse materiale, ull til klede, kutagl til silar i t.d. mjølkesilar. Nåla kunne ein lage av det ein hadde, tregreiner ein smidde og pussa til, eller helst bein.
Tommelfinger har dei fleste. Teknikken er lydlaus, ingen spøter klirrar. Den er tidkrevjande, men skaper ro i sinnet, og er god å ha i var tid med mas heile tida. Innafor Kjerringa Husflidslag sitt område var det ingen som kunne denne teknikken lenger. Nokre hadde prøvd på museum rundt om, andre hadde sett han i klede osb. Og nokre hadde prøvd heime og fått til litt.
Derfor skipa husflidslaget til kurs og fekk Randi Stoltz som lærar. Det var spennande om vi fekk det til, og nokre lykkast. Andre snakkar om å få til studiering om dette. Det kan vere svært nyttig, for det går lettast med ein til ein undervisning.
Vi hadde og med ei av dei som går på Ung husflid, og det viste seg at ho lærte like fort som dei vaksne. Det finst fleire handbøker i sal og det finst opplysningar på nettet.
Husfliden sel eit hefte «NÅLBINDING FRA MOR TIL DATTER I 100 GENERASJONER». Dette er kortfatta. Randi Stoltz har laga eitt hefte: «Nålebinding». Det er rikt illustrert og er godt for nybegynnarar. Ho har og teke med idear til kva som kan lagast, prøve på oppskrifter, og oversikt over dei ymse stinga, byrjing, auking, felling og avslutning /gradering. Og: Det finst ikkje knutar i eit nålebindingsarbeid! Ein tvinnar trådendane i saman når ein tek ny tråd. Nålebinding er ein teknikk som inviterer til eksperimentering og leik, til det moderne ordet «nyskaping» med ein gammal teknikk som bakgrunn. Det finst omlag ikkje oppskrifter. Skal ein lage eit plagg, bør ein teikne det opp på eit stort papir og arbeide ut frå det. Lagar ein noko det skal vere to av (vottar/sokkar/ tøfler), bør ein arbeide på begge samstundes, slik at når ein skifter tråd, tek ein neste del. På den måten er det lettast å få lesteparet like.
Her har eg teke med bilete av eit par velbrukte vottar. Dei er laga av restar av shetlandsgarn, og viser plagg laga i York-sting, enklare enn dei andre stinga. Dette viser korleis eg har laga vottane parallelt. Det er nytta rundfelling på tuppen, og kan derfor brukast på begge hender så blir dei likt tova når ein går med stavar.
Velbrukte vottar i York-sting.
Huva er i toplukk. Her kan ein bruke nesten kva tråd ein vil. Det er ein del av leiken å finne ut kva ein vil bruke. Det er ikkje påbod om berre jordfargar!
Huve, og to par babylestar.
Det er og laga huver i melert tråd, litt tynnare. Babylester i babytråd. Og eit første forsøk med å binde mobiletui kan godt vere knallblått!
To mobiletui.
Ein kan fint tove det ein har laga. Eit eksperiment var å binde tøflar etter mal frå «kinasko». Det går fint, men hugs å skrive opp kor mange du legg opp og kor mykje du aukar. Dersom du vil tove, hugs at då må du legge opp mykje meir.
Tova tøflar.
Raudlisteprosjektet var første gong publisert i Sogn og Fjordane Husflidslag sitt hefte «Raudlista handverksteknikkar» i 2015 med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Kontaktinformasjon: Kjerringa Husflidslag
Om Raudlista: Raudlista er ein landsomfattende dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handverkskunnskap som står i fare for å bli gløymd. Husflidslaga vel sjølv teknikkane dei vil arbeide med.
Til butikken
Din handlekurv er tom.