Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
3. jun 2024|
Tekst: Magnhild Runde|
Arrangement|Holdbart|Rundt bålet aktuelt|
Drøymer du om å lære deg noko nytt, eller å vidareutvikle deg i ein teknikk? Dersom sommarferien ikkje er heilt spikra endå, kan ein festival eller eit sommarkurs vere tingen for deg. Her har vi samla ei knippe ulike spikkerelaterte aktivitetar som er mogleg å vere med på i sommar, både i Norge, Sverige, Danmark og Storbritannia.
Dersom du skal til Sverige i sommar, og er i Göteborgtraktene, bør du få med deg sommarutstillinga på Slöjd & Byggnadsvård på Nääs. Her kan du studere omtrent 200 ulike produkt laga av tresløydlegenden Knut Östgård. Knut kjem opprinneleg frå Målselv i Nord-Norge, men har budd i Sverige sidan 1961. I mange år jobba han som hemslöydskonsulent, og har spreidd kunnskap om tresløyd, materiale, teknikkar og verktøy gjennom heile sitt yrkesaktive liv. Bli betre kjend med Knut gjennom Sara Dagerfält sitt intervju på Kulturförvaltningen sin pod og Hemslöydskonsulenterna sine filmar. Utstillinga varer fram til 30.september.
Ei heil langhelg med kurs, foredrag, marknad og mykje anna kan du oppleve på Sløydfest i Seljord 20.-23.juni. Dette er eit svært ungt bidrag, med tanke på at første festival var i 2023, men også gjengen bak festivalen er unge. Døme på kurs er; stuttorv, sopelimekost, spikke med øks, sliping og mange fleire. Handverksdagen på laurdag har aktivitetar for heile familien. Ein del av kursa er allereie fullbooka, så her må du vere rask! Følg festivalen på Instagram for oppdateringar @sloydfestseljord og på Facebook.
Spikkefestivalen i Lillesand 30.august -1.september er ein «gammal travar» og tilbyr også i år mange gode kurs. Ølhøne, pilfletting og krympeboks er nokre av kursa du kan vere med på. Møglestu Hovedgård er staden, og sjølv om du ikkje har fått plass på eit kurs, er det fullt mogleg å stikke innom og sjå på, låne seg ein kniv og prøve seg litt. Det er kun 10 plassar pr. kurs så hiv deg rundt og meld deg på!
Skal du til Danmark i sommar? Då bør du ta turen innom Boserupgård Naturcenter i Roskilde og vere med på Snittefest 23.-25.august. Sidan 2015 har ei gruppe spikkeentusiastar arrangert spikkefestival og i år kan ein blant anna lære seg å spikke ei japanskinspirert skei, som kan utfordre den drevne spikkaren eller lage ei skål med øks. Det vert ingen barne- og familiekurs i år, men anledning til å delta på grunnleggande spikkekurs som passar alle aldrar. Følg festivalen på Instagram for oppdateringar @snittefest_dk
Det er også mange ulike spikkefestivalar i England som er verdt å sjekke ut. Spoonfest i Edale – Derbyshire 1.- 4. august er allreie utseld, men kanskje noko å vurdere neste år? Vurder også samtidig The Bowl Gathering lokalisert nær Abergavenny i Monmouthshire. Her er det moglegheitar for å lære seg blandt anna å dreie på ein svarver eller spikke deg ein stol.
Planlegg like så godt sommaren 2025 og ta ein kikk på neste års Von Hand Festival i Dorweiler i Tyskland. Følg festivalen på Instagram for oppdateringar @vonhandfestival
Hjerleid Handverksskole har i ei årrekke tilbydd kurs innan mange ulike handverksteknikkar og materiale, i tillegg til å drive vidaregåande utdanning innan fleire tradisjonshandverksfag. TREseminaret, som er i veke 17 kvart år, er eit sikkert vårteikn på Dovre. Ei heil veke fylt med mange ulike sløydkurs for store og små. I år starta dei også opp Sløydskolen, «kurs i trearbeid for lærarar». Det er altså mange moglegheiter her, alt etter kva du er interessert i. Framleis nokre av sommarens kurs som har ledige plassar, men ver rask!
Instituttet for sløyd og handverk på Sätergläntan har ei over 100 år gammal historie. Her kan ein både ta korte kurs, eller vere heilårsstudent i flotte omgjevnadar. Kvart 3. år vert det også arrangert Täljfest, men då må du vente til neste år dersom du har lyst til å vere med på det. Medan du ventar, så kan det kanskje vere interessant med eit kurs? Gjennom heile sommaren er det ei rekke med kurs innan mange ulike teknikkar og materiale. Følg gjerne Sätergläntan på Instagram @saterglantan
Raulandsakademiet er eit kurs- og aktivitetssenter, som ligg i Rauland, ei lita fjellgrend i Telemark. Her finn ein også USN -institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Gjennom heile sommaren og hausten tilbyr Raulandsakademiet ei rekke ulike kurs, innan alt frå lafting til smykkedesign. Her vil ein klare å finne noko som er interessant, uansett kva handverk du er interessert i.
Er du i Bergensområdet siste helga i august må du få med deg SpoonCarving Weekend Bergen (SCWB) 30.august-1.september. Her kan du møte likesinna spikkeentusiastar i ein avslappa atmosfære på Hordamuseet i Fana. Der er mulighet til å sette opp telt, hengekøye eller innendørs (få plassar). Ingen forkunnskap nødvendig.
Saknar du barndommens leirskule? No har du sjansen til ei heil sommarveke med ekte leirliv for vaksne. Årets Underleir vert på Hjerleid Handverksskole på Dovre, 22.-28.juli. Her er det muligheiter for både spikkekurs, såpekurs, pil- og buekurs og mykje meir! Det er også fullt mogleg å ikkje vere med på kurs, men heller gå tur i skog og mark, fiske, bade og berre kose seg. «Vi er mer inspirert av Camp grounded og Looplore, enn av Woodstock eller Indremisjonen.»
På det nyetablerte Jølstrahuset i Sogn og Fjordane er det også mulighet til å vere med på ulike handverkskurs 8.-11. august. Kursa passar spesielt godt for lærarar i grunnskulen, men er ope for alle. Her kan du velge mellom kurs i grindvev, trearbeid i ferskt virke og materialtrykk.
Til butikken
Din handlekurv er tom.