Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Rauland Husflidslag inviterer deg til å bli med på tur til Vinjar for å sjå på brodering av Vinjerevla.
Onsdag 30. april kl 12. Alle må ordne med skyss sjølve. Fyll opp bilen og bli med!
Vi får orientering om arbeidet. Du kan vera med å brodere eller du kan berre sjå på. Ta med niste. Du får kjøpt kaffi og te på Vinjesenteret.
Vinjerevla
Diktsyklusen om Storegut fortalt med nål og trådBroderidugnaden var ein suksess i 2024, og held fram i 2025.No først kvar onsdag i februar, mars og april (ikkje onsdag i påskeveka!), og så i sommarsesongen til Vinjesenteret. Og sjølvsagt sundag 6. april, fødselsdagen til Aasmund Olavson Vinje!
God rettleiing og innføring i «refillsaumen» av ein eller fleire frå Vinje Handverkslag. Kom og saum! Vi held til under Vinjesenteret, med inngang frå nedsida mot Vinjevatn.
«Revle» – av gamalnorsk «refill»Ei revle er eit langt og smalt tøystykke, gjerne av lin, om lag 40 cm breitt, og av varierande lengde.
Bayeux-teppet der ein med nål og tråd fortalde om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066, er på 70 meter.
Vinjerevla er på 12,5 meter. Arbeidsteikninga er gjord av Tarjei Østrem Svalastog, overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes, og fargesett av ei arbeidsgruppe frå Vinje Handverkslag. Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp. Tiltaket er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje Handverkslag.
Til butikken
Din handlekurv er tom.