Du er logget inn som

 

vevkurs mars 2026

Tilbake

Vevkurs mars 2026

Rauland Husflidslag ynskjer at fleire skal koma i gang med veving.

Meld deg på !

 

main image

Veving, kom i gang

 Tid:       Laurdag 14.mars 10 – 15

Sundag 15. mars10 – 15

Torsdag 19 mars  17 – 20

Laurdag 21. mars 10 – 15

Sundag 22. mars 10 – 15

Torsdag 26. mars 17-20

Til saman 26 timar

 Stad: Vevsalen, Dyre Vaa huset, Rauland

Lærar: Ann Mari Jore  og Anne Margit Barstad

Arrangør: Rauland Husflidslag,

Innhald:

  • Du vil få innsikt i kva det er å veve.
  • Forstå ei vevoppskrift/rekne ut kor mykje garn ein treng m.m.
  • Oppsetting av vev, renning, tre i sveipeskei, påsveiping, tre i hovel, framknyting, nedknyting, spoling, veving, etterbehandling
  • På kurset lagar du eit skjerf, der du vil koma gjennom alle stega mot eit ferdig produkt.
  • Kurset er eit nybyrjarkurs og vil høve for nybyrjarar og dei som kan litt.

Kursavgift:

Ungdom opp til 18 år får kursavgift betalt av Vinje Kulturskule. Maks 4 personar.

( OBS Du må melde deg på til Vinje kulturskule: Stine Beate Mondal Ljostad

Tlf: 908 73 194, E-post: stine.ljostad@vinje.kommune.no )

 

Medlem i Rauland Husflidslag                                                                   kr 1600,-

(Bli medlem i Rauland Husflidslag:

https://husflid.no/om-norges-husflidslag/blimedlem/ )

Ikkje medlem i  Rauland Husflidslag                                                        kr 2600,-

 Materialutlegg:

Garn til ting som blir vevd. Kan variere frå kr 300 til kr 1500, betalast til Rauland Husflidslag.

Påmelding til: Søk etter arrangement – Checkin.no   skriv vev i søkefeltet

Kontaktperson i Rauland Husflidslag: Ann Mari Jore 47273449, Anne Margit Barstad 90882436