Du er logget inn som

 

Vevkurs januar-feb 2025

Tilbake

Vevkurs jan-feb 2025

Rauland Husflidslag ynskjer at fleire skal koma i gang med veving. Meld deg på !

Veving, kom i gang

Tid:

laurdag 25. januar 10 – 15

Sundag 26. januar 10 – 15

Torsdag 30. januar 17 – 20

Laurdag 1- februar 10 – 15

Sundag 2. februar 10 – 15

Torsdag 6. februar 17-20

Til saman 26 timar

 

 

main image

Stad: Vevsalen, Dyre Vaa huset, Rauland

Lærar: Ann Mari Jore og Anne Margit Barstad

Arrangør: Rauland Husflidslag,

Påmelding til Ann Mari Jore, 47273449, annmarijore@gmail.com

Innhald:

  • Du vil få innsikt i kva det er å veve.
  • Forstå ei vevoppskrift/rekne ut kor mykje garn ein treng m.m.
  • Oppsetting av vev, renning, tre i sveipeskei, påsveiping, tre i hovel, framknyting, nedknyting, spoling, veving
  • Forslag til ting du kan veve er: skjerf, handkle, putetrekk, golvrye
  • Kurset er eit nybyrjarkurs og vil høve for nybyrjarar og dei som kan litt.
  • Det er viktig at alle blir ferdig med sitt prosjekt i starten av februar. Vevsalen er opptatt frå 24. februar.

Kursavgift:

Ungdom opp til 18 år får kursavgift betalt av kulturskulen.  Maks 4 personar.

( OBS Du må melde deg på til Vinje kulturskule: Stine Beate Mondal Ljostad

Tlf: 908 73 194E-post: stine.ljostad@vinje.kommune.no )

Deltakar som er medlem i Rauland Husflidslag                                                   kr 1600,-

Deltakar som ikkje er medlem i  Rauland Husflidslag                                       kr 2600,-

Materialutlegg:

Garn til ting som blir vevd. Kan variere frå kr 300 til kr 1500, betalast til Rauland Husflidslag.

Bli medlem i Rauland Husflidslag: