Du er logget inn som

 

VELKOMMEN TIL TEMAKVELD MED KURS I HEKLING

Tilbake

Fleire har etterlyst kurs i hekling. No skjer det! Det blir heklekurs i Kolset Oppvekst onsdag den 19. oktober kl. 18.30.

Denne kvelden får du eit enkelt heklekurs der du lærer dei grunnleggande masketeknikkane. Ikkje kvi deg på å møte opp! Vi legg til rette for at du skal lykkast.

main image

Du finn oss i gymsalen, og vi har med det du treng av garn og utstyr. Har du heklenål nr. 5 kan du gjerne ta den med, eller du kan få kjøpe av oss. Vi kan tilby to nyanser i raudt eller kvittbomullsgarn.

Lærar er Randi Myklebust med assistentar frå styret. Før kvelden er over har du hekla ei fin lita korg!

Vi tek ein pause med kaffi, te og kanelsnurrar, og det vil koste kr.50,-

Kostnad for garn: kr 30,- og heklenål nr. 5: kr. 65,-

Ta med kontantar, eller du kan Vippse.

Vi vil gjerne sikre oss at vi har nok materiell og mat, og det er difor fint om du melder i frå om du kjem. Send sms til Margunn Solvang, mobil nr 91518992, gjerne eit par dagar før kurskvelden.

 

0