Du er logget inn som

 

Vår 2022

Tilbake

Oversikt over kva me skal gjera i hovudlaget i år

Husflidskveldar i Husflidstovo, Skuleplassvegen 3, 5437 Finnås

måndagar kl.19.30– 22.00. Ope for alle! Tema: Haldbart, skaparglede og tradisjon.

10. jan.: Me besøker Vevnad på Heiane. Påmelding. Felles køyring frå Husflidstovo kl.17.45.
14. febr.: Husflidskveld-Årsmøte. Påskepynt.
14. mars: Me lagar sopelime.
09. mai: Grindabygg
13. juni: Me lagar bjørnemosekost. Sommaravslutning
Medlemskveldane er støtta av Studieforbundet Kultur og Tradisjon og i samarbeid med FAB

FOLK PÅ BØMLO laurdag 21. mai 2022 Kl. 11.00 – 15.00.

 

Info om vevgruppa

Vevgruppe, læringsverkstad: måndagar: kl. 18.00-21.00 i Husflidstovo.
17.og 31. jan., ty 8.og ty 22.febr. ty 8.og 28. mars, ty 5.og 25.april, ty 3. og 23. og 30. mai.
Med støtte frå Studieforbundet.

Ansvar på husflidskveldar og Ung husflid i Bhl våren 2022
To-tre personar, ein frå styret og medlem.
Spør gjerne om andre kan å hjelpe til, dersom det er mykje å gjere.
Kva skal gjerast:
– ønskje velkomen
– koke kaffe/te + noko å ete
– setje fram koppar mm. Setje i oppvaskmaskinen etterpå
– loddsal med 5-6 gevinstar
– takke for frammøte ca. kl. 21.30
– sjekk kjøleskapet og ta med mat som ikkje held seg til neste arrangement
– rydde og ta med boss
Husflidskveldar Ung husflid kl. 17.30-19.30
10. jan.: Sissel og Mia 24. januar.: Sissel og Mia
14.febr.: Marta og Rigmor 7.febr og 21.febr.: Marta og Rigmor
14. mars: Lisbeth H og Elise 7.mars og 21.mars : Lisbeth H og Elise
4.april: Tone og Gudveig
09.mai: Eldbjørg og Haldis 2.mai: Tone og Gudveig
13.juni: Ingrid og Tove 13.juni: Ingrid og Tove
Ung husflid treng fleire vaksne! Derfor håpar me at du kan hjelpe til i vår. Personane som har ansvar på Husflidskvelden, kjem til Ung husflid kl.17.30. Mat til 10 ungar: Pakke med vafler eller muffins er i kjøkenskapet til bruk i U h. Hjelp til med aktivitetane. Haldis og Lisbeth T. viser kva dåke skal gjere. Kan du ikkje kome, må du finne ein annan i staden for.

0