Du er logget inn som

 

Ung Husflid 4.-7.klasse

Tilbake
Måndag den 5.februar klokka 17.00 – 18.30 startar Ung Husflid opp att i Hopastova. Dei andre datoane for våren står på biletet under. Elevar frå og med 4. klasse til og med 7.klasse er velkomne til gjera husflidsaktivitetar. Me vil innom fleire ulike aktivitetar; tova, keramikk, trearbeid og mykje meir. Det er gratis å vera med, men me ønskjer at du melder deg inn i Ung Husflid.
Det kostar 220 kr frå januar til januar.
Du melder deg inn på nettet her: https://husflid.no/om-norges-husflidslag/blimedlem/ Vel møtt!
main image
0