Du er logget inn som

 

Ullveka 2022 20.-30. oktober

Tilbake

Midtre Sunnfjord Husflidslag er stolte over å presentere eit variert program for Ullveka 2022.

main image

Program:

Fredag 21. oktober klokka 17.00 på Førde bibliotek – Birger Berge frå Naustdal som har gitt ut fleire strikkebøker kjem for å halde foredrag. Meir info kjem.

  • Lørdag 22. oktober og søndag 23. oktober Tovekurs på Sande skule klokka 10.00-15.00. Påmeldingsfrist 14.10.22. Påmelding til studieleiar Hilde Gartland (skriftleg til tlf: 91598254). På kurset lærer du våttoving av sitjeunderlag og tøfler. Pris: 640 kr (for medlemar i husflidslaget) og 800 (for andre). 100 kr i materiale.
  • Mandag 24. oktober klokka 17.00-19.00 Temakveld på Sande bibliotek der team er «Kva kan du gjere med ulla?» Ein kveld der berkraftig bruk av lokal og ubehandla ull, har fokus.
  • Tysdag 25. oktober klokka 14.00-18.00 Strikkekafe på Sybutikken på Førde Torg. Det vert rabatt på ymse garnsortar.
  • Torsdag 27. oktober klokka 19.00-21.00 Medlemsmøte i husflidslaget der tema er nålefilting. Stad: Halbrendshuset i Movika/Sunnfjord museum. Møtet er ope for alle.
0