Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Regionlaget representerte på Tokke husflidslag sitt 60 års jubileum.
TOKKE HUSFLIDSLAG FYLLER 60 ÅR!
Året 1965, det året laget vårt vart stifta, kom Rolling Stones på Norgesbesøk, vi fekk ny borgarleg Bortenregjering og Kirsti Sparbo vant det norske Grand Prixbidraget.
Trongen for eit eige hus kom etterkvart, og i 1979 vart det starta forhandlingar om å kjøpe dette huset, Vistad Bedehus, av Skafså sokneråd. Kjøpet vart gjort i 1981, og kjøpesummen vart på heile kr. 2000,-! Trongen for å stelle huset i stand var stort, og det måtte mykje midlar og støtte for å kunne få få til ein god samlingsstad. I søknaden til Kulturfondet stod det i grunngjevinga: «Ein fast tilhaldstad er turvande for oss at me skal ha eit levande husflidslag». Både Kulturfondet, Næringssamskipnaden, Mo- og Skafså Bondekvinnelag og Tokke-Vinje Sparebank bidrog. Tokke kommune bidrog med stor velvilje og økonomisk støtte. Det var ikkje bare økonomisk støtte som trongs, det vart lagt ned ein uvurderleg dugnadsinnsats. Mange tømmerstokkar vart gjeve, det var lange lister med dugnadstimar, og pengegåver frå fleire privatpersonar. Som tilsaman bidrog til at huset fekk ny kledning, nye glas, taket vart senka og isolera, vatn og kloakk vart lagt inn.
Nå vart det plass til eigen vevstoge. Tidlegare vart m.a. Elvarheim og Buøybrakkene bruka til å sette opp vevar. Stort møterom til kurs og aktivitetar, samt kjøkken og toalett kom på plass her på Vistad.
Opp gjennom åra var det svært mykje kursverksemd: (ei imponerande liste!)
Veving, tæger- og neverarbeid, plantefarging, saum av bunad og bunadskjurter, hekling, biletvev, karveskurd, eikemåling, sveiping, smiing og sylvholking av kniv, sying av mjuke dokker og nissar, lappeteknikk, vanleg saum, hardangersaum, telemarksbinding, bunadsband, kjeringcape, gutebunad, toving, lafting, kunststrikking, brau- og lefsebaking, krydderbinding…(til og med bøting av fiskegarn har blitt nevnt!).
Mange her har sikkert vore med på fleire av desse kursa!
Dei siste 10-åra har vi hatt god aktivitet i laget, men kursverksemda er ikkje like stor som før. Men, vi har fått til flisefat, pilfletting, tægerbinding, bunadsband og vevkurs, strikke- og heklekurs.
Vi har faste møter gjennom året, med ulike tema: strikking/strikketeknikkar, tradisjonsmat,temaet «Holdbart» (med gjenbruk og redesign), «Der mat møter husflid» og broderi.
Dette året har vi hatt bunad som tema, i tråd med Norges husflidslags satsning «Bunaddsglede 2025-2027». Bunad er svært populært, og vi kan vel sei det er «i vinden som aldri før»!
Alle møtene våre er opne for alle, og om du ikkje er medlem av Husflidslaget. Vi har godt oppmøte, alt frå 12 – 30 møter opp, for å la seg inspirere til handarbeidsglede. Vi nyttar både interne og eksterne krefter som kan vise og fortelje om dei ulike temaene.
Veverane er i ei klasse for seg! Dei er svært aktive og brukar vevstoga fleire dagar i veka. Det blir mykje flotte vevnadar gjennom åra. I tillegg til alle dei flotte dukane, løperane og pledda som vert laga, er ikkje minst det sosiale fellesskapet av stor betydning. Kaffekoppen og lunsjpakka rundt bordet, er kanskje minst like viktig.
Kvart år er vi med på å vise ulike handarbeidsteknikkar på Vest-Telemark museum i Eidsborg, samt på Familiedagen som arrangeres kvar haust.
Den årvisse utloddinga føre jol, er med på å få inn pengar som går til m.a. faste utgifter og vedlikehald av huset. Utloddinga er svært populær, det blir sett stor pris på at alt er «heimelaga».
Vi har arbeidskveldar, lappe/sygruppe og broderikveldar, som og er ope for alle, unge og gamle. Vi meiner at «å senke terskelen» for å kome og delta på husflidshuset er svært viktig for rekruttering til laget. Vi har pr.nå 43 medlemmer, og vi ynskjer sjølvsagt fleire! Vi ser det som viktig å ta vare på handverk og tradisjonar gjennom opplysning, opplæring, aktivitetskveldar og kursverksemd.
Seinare vil de få sjå smakebitar frå aktiviteten i laget med ein bildekavalkade.
Vi håpar på like mange år framover med eit LEVANDE husflidslag!
Takk for oppmerksomheten!
Til butikken
Din handlekurv er tom.