Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Vis folk kva slag handverk du held på med! Tekstil eller trearbeid. Eller bruk ein dag eller 2 på «Rundt bålet » prosjekt som går ut på å inspirere barn og unge til å bli interessert i handverk! Stallen på Telemarkstunet er ledig fleire veker i juli for den som vil ha open verkstad, salgsbod eller bruktsalg. (Ta kontakt med Raulandsakademiet 35073292 for avtale om Stallen)
På Telemarkstunet v/ Raulandsakademiet vil Rauland Husflidslag vise seg fram med ulike handverksaktivitetar på laurdagar i juli. Eit viktig mål for laget er auke interessa for handverk, koma saman, lære og lage saman. Det handlar både om å lære noko nytt eller å fordjupe seg i et handverk, gjerne i fellesskap med andre. Me håpar å få dykk med på å formidle vidare gleda og nytten de opplever av å utøve handverk i ulike materialar. Telemarkstunet er godt besøkt om sommaren, me håpar å møte mange folk der desse dagane. På tunet er det kafé, handverksutsal og siste veka i juni og fyrste veka i juli er der bruktsalg i Stallen. Aktivitetane til husflidslaget skal skje ute, under tak, dersom dårleg vær vil de få tildela plass inne. De kan også ha med eigne handverksprodukt for sal. Ledige datoar for handverksaktivitar er 2 juli, 16 juli, 23 juli og 30 juli. Ta kontakt med Mari Rorgemoen på tlf. 90 52 14 69 eller Ann Mari Jore på tlf 47 27 34 49, dersom du har spørsmål, eller ynskjer å melde deg som handverkar på Telemarkstunet, ein eller fleire datoar. Oppmodar alle medlemer til å besøke nettsida til Norges Husflidslag: www.husflid.no
Rundt bålet
Aktuelt
Til butikken
Din handlekurv er tom.