Du er logget inn som

 

Tekstil kulturarv, foredrag og strikkekafe på Rauland

Tilbake

Velkommen tysdag 5. mars kl 19 på Raulandsakademiet til foredrag, strikkekafe, utlodding og kaffi og kanelsnurrar.

main image

Eit foredrag om den nære tekstile kulturarven, kunnskap som held på å bli borte og som vi må ta vare på.

Tidlegare generasjonar sydde og strikka, stoppa og lappa og visste korleis dei skulle ta vare på klede. Mange av oss har vakse opp med heimesydde og arva klede, og gleda var stor når det kom noko helt nytt inn i klesskåpet. Gjennom eigen familie og eige klesskåp snakker Barbro om kor viktig det er å ta vare på klede, bruke dei og glede seg over kvaliteten i gamle plagg.