Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
Teiknekurs for deg mellom 10 og 13 år på Rauland
I vår hadde me eit teikne/malekurs for dei mellom 10 og 13 år. Kurset blei fullt og det var ein utruleg fin gjeng å ha med å gjere! Arbeidssomme, kreative og nydelege på alle vis. No prøvar me eit liknande kurs, – kanskje fleire har lyst til å prøve?? Kurset er eit samarbeid med Rauland husflidslag og kurset blir på Dyre Vaa huset denne gongen også. Opplegget blir ganske likt det førre, men det er absolutt lov å bli med ei gong til og velge eit nytt prosjekt å jobbe med. Me lærer litt om korleis me skal tenke når me teiknar og målar og me skal leike oss litt med blyant, maling og tusj og kose oss saman
4 onsdagar utover hausten. 14. oktober – 4. november 18 – 20
Stad: Dyre Vaa huset , Rauland
Her kjem litt info om kurset og korleis du melder deg på:
Ta med tegneblokk A3 format, Tegneblyant HB (vanleg blyant) og visklær.
Informasjon:
Kurslærer Ruth Kvålo Dalen Ruth.kvalo.dalen@gmail.com tlf 90597872
Studieleiar Berit Tjønn berittjonn97@gmail.com tlf 40488317
Prisar:
For medlemmar i Rauland Husflidslag 1000,-
For ikkje medlemmar i Rauland Husflidslag 2000,-
Bli medlem i Rauland Husflidslag : no i haust er det 50% på hovedmedlemskap og Ung- Husflids-medlemskap. Bli medlem: https://husflid.no/om-norges-husflidslag/.blimedlem/.
Påmelding til kurset: checkin.no søk etter tegnekurs
Påmeldingsfrist 5. oktober. Bindande påmelding.
Avbestillingsreglar:
50% ved avbestilling før 05.10.26
100% ved avbestilling etter 05.10.26