Du er logget inn som

 

Styremøte i Telemark Husflidslag

Tilbake

Eit fulltalig styre ser fram i tid mot Landsmøte, Dyrsku’n, Medarbeidarsamling, og Jubileum i 2024!

main image

Møtet opna med diskusjon om Telemarks tradisjonsrik landbruk- og husflidsmesse Dyrsku’n. Fleire i styret kjem til å stilla opp for å læra bort spikking rundt bålet og demonstrera ulike teknikker på Dalane Skule på Dyrsku’nplassen i Seljord. Det vert òg loddsal og lotteri med handgjorde sokkar og vottar som premie. Ein viktig sak for Husflidslaget under Dyrsku’n vert å rekruttera nye, og gjerne unge, medlem.

Neste sak i møtet handla om korleis Fylkeslaget kan samarbeida flittigare med lokallaga. Det er viktig for styret å høyra frå lokallaga om kva som er aktuelt for dei å snakka om når Fylkeslaget kjem på besøk. Etter eit par brødskiver til lunsj gjekk me over til å planleggja medarbeidarsamlinga i Rjukan. Mykje tid gjekk til å diskutera kva for kurs og aktivitetar kunne tilbydast, so det synast at alle i styret er opptekne av spennande og nyttige kurs for alle som deltek.

So gjekk disksjonen over til ei hending me alle gler oss til, Telemark Husflidslags 100-års jubileum i 2024. Det kom mange gode idéar for korleis ei bok eller hefte om lagets historie og påverking i Telemark kan sjå ut, og kva for innhald ho kan ha. Om du sit på historier, kunnskap, eller bilder frå dei siste 100 år i Telemark Husflidslag, eller kunne ha tenkt deg å hjelpa til med boka er alle i styret veldig takknemlege om du seier i frå! Ei bok vert ikkje til av seg sjølv.

Ikkje minst var saka om Landsmøtet. Alle i styret har gjord seg kjend med sakspapira og hadde ein del nyttige innspel å koma med for dei delegatane som skal representera Telemark Husflidslag i Bergen i år. Fleire mindre saker vart lufta og teken hand om. Lokallaga skal få referat tilsendt per e-post.

Vyrdsam,

-William M A Riedlinger

Nettansvarleg i Telemark Husflidslag

0